Hilmar (75) nektar sjukeheim.
Kommunen har fjerna nattevakt-ordninga frå bu- og omsorgssenteret, men Hilmar Teigen nektar å bli flytta på sjukeheim.
Om Parkinsron-ramma Hilmar ikkje vil flytta frivillig på sjukeheim i Eivindvik, nektar kommunen han hjelp om natta i omsorgsleiligheita si på Byrknes bu- og omsorgssenter. - Det blir ikkje aktuelt å flytta, er den klare meldinga frå 75-åringen.
Gulen kommune har bestemt seg for å leggja ned nattevakt-ordninga ved Byrknes alderstun. Alle som har behov for assistanse og hjelpa på nattestid, skal difor få plass på Gulen sjukeheim.
Nærmiljøet er livsviktig
- Eg trivst veldig godt her på Byrknes og vil ikkje nokon annan stad. Her er det kjekk betjening og god mat. Vil kommunen ha meg ut, får dei bera meg herfrå, seier Hilmar Teigen.
I sin elektriske rullestol kjører han rundt om i nærmiljøet på Byrknes. Butikken ligg like ved, og dit rullar han ofte for å treffa gamle kjende og få seg ein god prat. Ein tur nedom det nye fiskemottaket for å sjå når det blir lossa fisk, set han og stor pris på å ta.
Mektig forarga
Hilmar er klar i toppen, og har glimt i auga. Men han blir mektig forarga over måten han blir behandla på av kommunen.
- Kvifor skal dei leggja ned nattevakta og overflytta meg og andre til sjukeheimen. Det blir endå meir uforståeleg når kommunen ser ut til å gå økonomisk godt, spør Hilmar, som har fått med seg at Gulen kommune gjekk med ein pluss på 16 millionar i fjor.
Tar sjansen
I staden for å flytta på sjukeheim tar Hilmar heller sjansen på å hamna på golvet i løpet av natta, dersom han må eit nødvendig ærend. Han minnest godt den gongen han ramla og vart liggande to timar med juletreet i den eine armen og gåstolen i den andre.
No ser ikkje Hilmar anna råd enn at betjeninga på alderstunet må hjelpa han i seng før kveldsvakta går kl. 22.00 om kvelden.
Skulle sleppa flytta
Hilmar Teigen synest det er veldig trasig at det ikkje skal vera mogleg å bu på Byrknes og få den hjelpa han treng.
- Bygdefolket reiste jo alderstunet her nettopp for at dei skulle få ein trygg alderdom her og sleppa flytta når dei begynte å skranta helsemessig, seier mannen som tidlegare har vore både fiskar, gravemaskin-eigar og har lang fartstid i Statens Hamnevesen og Kystverket.
Stor glede
Etter kvart som sjukdomen ramma vart han i realiteten innestengd i sitt eige hus. Difor var Hilmar veldig glad då han for vel to år sidan fekk flytta inn i si eiga leiligheit på bu- og omsorgssenteret. Og då han i fjor også fekk elektrisk rullestol vart livet enklare for 75-åringen.
Det første sjokket fekk Hilmar då han i februar i år fekk melding om at han hadde fått innvilga plass på sjukeheimen. Den meldinga kom frå kommunen utan at han hadde søkt om plass.
Dårlegare livskvalitet
Hilmar Teigen vil få dårlegare livskvalitet om han blir flytta frå Byrknes til sjukeheim i Eivindvik. Det er både kommunen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane einige i. Det slår også inntaksnemnda for institusjonsplass i Gulen fast, kjem det fram i eit brev som koordinator for pleie og omsorg, Miek Norman har skrive. Også personalet ved Byrknes bu- og omsorgssenter gir uttrykk for at det er avgjerande for Hilmar sin livskvalitet at han framleis får bu i leiligheita si.
Men hovudutvalet følgjer opp administrasjonen si innstilling og avslår ein klage frå Hilmar Teigen om å få nødvendig hjelp heime. Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har også støtta kommunen si handtering av denne saka.
- Men meg får dei ikkje vekk frå Byrknes, seier Hilmar Teigen.