33 vogntog i fare.
Utanlandske transportørar er i ferd med å ta levebrødet frå dei norske. Tek ikkje staten no affære, kjem Byrknes Auto til å flagga ut alle 33 vogntog.
Finanskrisa ute i Europa fører utanlandske transportørar til Norge. I og med at dei ikkje betalar verken vegavgift eller bompengar til den norske stat og i tillegg har lågare lønsnivå enn nordmenn, snappar dei kjørekontraktane rett framfor nasa på norske transportørar.
- Kvar dag tapar eg anbod på fem-seks-sju kjøreoppdrag i Norge til utanlandske firma, seier Stein Inge Larsen som driv Byrknes Auto.
Og han er ikkje åleine. Dette opplever alle som driv i norsk transportbransje. Så ille er situasjonen at Stein Inge Larsen ikkje nøler med å samanlikna situasjonen med reiarlaga som flagga ut båtane sine.
Russland eller Baltikum
Heilt sidan han starta verksemda, har han hatt ein klar visjon om å halda arbeidsplassar og alle firmaaktivitetar på heimstaden Byrknesøy.
No vurderer han sterkt å flytta dei 33 vogntoga over på russisk eller baltisk registrering. I så fall opprettar han eit kontor i det landet han vel å registrera vogntoga i, i tillegg til kontoret på Byrknes.
- Gjer eg alvor av dette, skal eg framleis kjøra med norske sjåførar. Det er eit prinsipp som eg aldri fråvik. Men ved å omregistrera kjøretøya, slepp også eg unna alle avgiftene som er knytt til vegane våre, seier han.
I utakt med realitetane
Etter mange år i transportbransjen registrerer han at den norske stat ikkje heilt er i takt med det som er dagens realitetar, og som resultat av det, taper også staten store pengar. Pengar han meiner skulle vore brukt til bygging og opprusting av vegar.
- Kjører du frå Bergen til Oslo på ettermiddag-kveld kan du møta 120 vogntog. Seksti prosent av desse er frå utlandet, og ingen av dei betalar for seg på vegane.
- Det er dokumentert at berre på ytre ring i Oslo, den såkalla Fjellinja, passerte det i 2009 bilar med ubetalte rekningar for i alt sytti millionar kroner! Tilsvarande tal vil ein sikkert kunna finna ved andre bomstasjonar også, slår Larsen fast.
Lær av Tyskland og Romania
- Når vi eksempelvis kjører inn i Tyskland, får du ikkje kjøra ein meter inn i landet utan først å ha betalt vegavgift, utrekna etter kor mange kilometer du har tenkt å kjøra i landet. Då vert bompasseringar rekna med. Slik har mange av dei andre landa ordna seg, til og med Romania, forklarar Larsen, som meiner at dette systemet burde vi hatt i Norge også.
Vidare ser Larsen at autopass ikkje berre er av det gode. Det beste for den norske stat og det norske folk hadde vore å få tilbake buene ved bomstasjonane.
- Då kunne vi ha tatt betalinga direkte frå utlendingane, seier han, og legg til at den norske stat har for lengst gitt opp å driva inn bompengar for utlendingar. Det kostar alt for mykje å driva inn pengane, som ein kanskje uansett aldri får.
Skal vi betala for utlendingane?
- På denne måten får vi inn mindre pengar å byggja og vedlikehalda veg på. I staden er det du og eg som i neste omgang må betala høgare vegavgift på bilane våre, for at utlendingane skal få kjøra gratis på vegane våre, seier han.
Larsen, som sit i kommunestyret i Gulen, har vore på Stortinget for å informera om dette til partigruppa hans Høgre.
- Eg vel å tru at dei som styrer ikkje er godt nok informerte om kva konsekvensane vert av måten ein handterer dagens vegprising på. No har eg gitt politikarane sjansen til å leggja til rette for ei meir rettferdig ordning. Klarar dei ikkje det, trur eg mange transportselskap kjem til å flagga ut bilane sine. I alle fall kjem eg til å gjera det, seier Larsen til Nh.