...
SEIER OPP AVTALEN: Helse Bergen skriv i eit brev til Fedje kommune at dei seier opp ambulanseavtalen på øya. Partane skal i møte om saka om halvanna veke. (Illustrasjonsfoto)

Seier opp Fedje-ambulansen

Helse Bergen vil ha ny løysing.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Endre Hopland E-post
Publisert 12.02.2010 kl 16:25 Oppdatert 12.02.2010 kl 16:25

Tips ein venn på e-post:

Helse Bergen seier opp ambulanseavtalen på Fedje med verknad frå 1. januar neste år. Det kjem fram av eit brev det statlege helseføretaket har send til kommunen.

Sidan 1. januar 2007 har Helse Bergen og Fedje hatt ein samarbeidsavtale om akuttmedisinsk beredskap, der Fedje kommune har hatt Stig Øien i arbeid som ambulansesjåfør på øya.

Avtalen hadde i utgangspunktet ein varigheit på fem år, men no vil altså Helse Bergen seia den opp.

I følgje brevet Helse Bergen- direktør Stener Kvinnsland har send Fedje kommune, har ikkje punkta som vart festa til avtalen vorte følgd opp på ein tilstrekkeleg god måte.

Dette er også grunngjevinga for kvifor avtalen no vert sagt opp.

- Regulerer ikkje forholda

- Avtalen skulle sikra at kommunen og Helse Bergen fekk ein rasjonell og koordinert innsats i dei ulike ledda i den akuttmedisinske kjeda. Den skulle også syta for at innhaldet i desse tenestene var samordna med dei andre naudsentralane, hovudredningssentral og andre myndigheiter.

- Organiseringa av dei akuttmedisinske tenestene skulle mellom anna leggast til rette slik at personellet i dei ulike tenestene fekk øva i samhandling. Avtalen tok mål av seg å regulera dette. Røynslene våre syner dessverre likevel at avtalen ikkje regulerar desse forholda, heiter det i brevet frå Helse Bergen.

Tent med oppseiing

I brevet vert det også peika på at Helse Bergen har merka seg at kommunen i ei intern evaluering av ambulanseordninga hausten 2009 mellom anna ytra ønskje om å få til ein langsiktig avtale som sikrar eit tenestetilbod for meir enn berre nokre få år om gangen.

- Slik vi ser det er difor både Fedje kommune og Helse Bergen tent med oppseiing av avtalen.

- På bakgrunn av dette føreslår vi at representantar for kommunen og Helse Bergen møtast tidleg i 2010 for å drøfta korleis ein betre kan sikra ein rasjonell og koordinert innsats i dei ulike ledda i den akuttmedisinske kjeda, heiter det i brevet.

Avtalt møte

På Fedje er dei sparsame med opplysningar om saka. Ordførar Kristin Handeland stadfestar at Helse Bergen ønskjer å seia opp avtalen, men kan ikkje kommentera saka utover det.

- Vi har avtalt eit møte med Helse Bergen 23. februar der vi skal diskutera saka. Før den tid er det ikkje så mykje eg kan seia, opplyser ho overfor Nh.

Ambulansesjåfør på Fedje, Stig Øien, kan heller ikkje kommentera saka ytterlegare.

- Eg må forholda meg til det Fedje kommune føretek seg, så eg kan ikkje uttala meg om saka på det noverande tidspunkt, seier han.

Også i 2006 ville Helse Bergen seia opp ambulanseavtalen dei då hadde med Fedje kommune. Den gongen gjekk saka fleire rundar før avtalen som gjeld i dag vart utforma. Kva som skjer denne gongen vil berre tida visa.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.