Ikkje berre kritikk for brøytemannskapa.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 12.02.2010 kl 16:26 Oppdatert 12.02.2010 kl 16:26 |
Brøytemannskapa i det ganske land har hatt ein hard vinter, med mykje arbeid og tung kritikk. Då varmar det godt å få litt skryt innimellom.
- No fortenar dei skryt, altså. Eg kan ikkje hugsa sist det var så mykje snø på Fedje, og Kjell og Arve gjer ein flott jobb med måkinga, seier sambygding Marit Gullaksen til Nh.
Kjell Samnøy har hatt ansvar for snømåkinga på Fedje sidan 1997, og Arve Husa er tilsett hjå entreprenøren.
Dei to måkar både fylkesvegar og kommunale vegar, og sjølv om Fedje kommune ikkje er så stor, er det ein vaksen jobb å rydda alle vegar for snø.
- Det fell ikkje så mykje snø her på Fedje, men det er grådig mykje jobb med den som kjem. Kor mange kilometer med veg vi har her i kommunen veit eg ikkje, men det går åtte timar å koma over alt med plogen. Det er inkludert parkeringsplassar,seier Kjell Samnøy.
- Kjekt med litt skryt
Den alltid muntre entreprenøren legg ikkje skjul på at han set pris på å få litt skryt for jobben han og kollegaen legg ned no når landskapet er kvitt.
- Det er klart det er kjekt å høyra. I denne bransjen vert det elles mest kjeft, seier han og smiler.
Den uvanleg kalde og lange vinteren vi har hatt så langt i år har altså vore godt merkbar også på Fedje, sjølv om det stort sett er mildare her enn elles i distriktet. Snøfall har det vore mykje av, og plogen har vore i aksjon til alle døgnets tider.
- Det vert stilt forskjellige krav til brøyting på fylkesveg og kommunal veg. Fylkesvegen har førsteprioriteten, men vi får med oss alt når det først snør, seier Samnøy.
- Vekke til 17. mai
Han kan vidare fortelja at det kjem klagar på Fedje også, men at han stort sett tar desse med eit smil og ein god kommentar.
- Det som har vore litt trenden er at den første som klagar har bestemt nivået. Så spørs det om det er slik det bør vera. Vi måkar heile kommunen, og om nokon er misfornøgd brukar eg å seia: ”Du får berre gje da fred, til 17. mai e´ da vekke”, ler han.
Det er NCC som har brøyteansvaret i distriktet. Dei har leigd inn NorTrans til å gjera jobben, og det er av desse og Fedje kommune Samnøy er leigd inn.
Nytt av fjoråret var også salting av vegane på Fedje, og så langt i år har dette verkeleg vore naudsynt.
- Meir salt enn i Bergen
- Vi har kjørt ut 25 tonn salt i vinter. Det tilsvarar godt over 40 kilo per innbyggjar, og det er meir enn dei kan visa til i Bergen. Nokon er sjølvsagt misfornøgd med dette også, då dei ønskjer sparkeføre på øya. Men eg må nesten halda meg til føreskriftene frå arbeidsgjevar, seier entreprenøren frå Fedje som ikkje får gjort så mykje anna no når snøen og telen er her.
- Det er heilt greitt for meg å måka snø, men eg har jo ein del andre prosjekt eg gjerne skulle kome meg vidare med. Når det er tele i bakken vert dette vanskeleg, fortel han.
Samnøy har, som så mange andre, konstatert at brøytemannskapa på fastlandet har fått mykje pes i år. Dette meiner han ikkje er heilt rettferdig.
- Personleg synest eg brøytinga i Nordhordland har vore veldig bra dei siste åra, seier han.
Siste kommentarar