Mattilsynet kritisk til Fedje kommune.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Arthur Kleiveland
E-post
|
|
| Publisert 10.02.2010 kl 15:25 Oppdatert 10.02.2010 kl 15:27 |
Kommunen har ikkje tilstrekkelege beredskapsplanar for vassforsyninga, noko som Mattilsynet ser på som eit alvorleg brot på regelverket.
Vassverket på Fedje kan ikkje leggja fram beredskapsplan som skal sikra levering av tilstrekkelege mengder drikkevatn under kriser og katastrofer.
Det er ein av manglane Mattilsynet påpeikar etter å ha kontrollert det kommunale vassverket like før jul. Tilsynet meiner beredskapsførebuinga er mangelfull.
- Ein beredskapsplan må byggja på ein risikoanalyse av heile vassforsynings-systemet, frå nedbørfelt og kjelde, til tappekran, påpeikar tilsynet, som har gitt kommunen som vassverkseigar frist fram til utgangen av 2010 med å ordna opp.
Mattilsynet ser det også som eit alvorleg brot at kvalitetssystemet ikkje er tilpassa vassverket etter ei omfattande oppgradering av anlegget.
Kvalititetshandboka er ikkje oppdatert sidan 2005, medan kommunen sjølv har sett krav om at det skal gjerast kvart år.
Kommunen har fått frist fram til 30.mars med å følgja opp kravet frå Mattilsynet.
Siste kommentarar