No fryktar Rita at ho må flytta.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Dagrun Stokke
E-post
|
|
| Publisert 02.02.2010 kl 15:06 Oppdatert 02.02.2010 kl 15:06 |
Seks timar tok turen frå Bergen til Fedje for Rita Stormark Berge.
Rita Stormark Berge jobbar på Fedje og går på skule i Bergen.
- No er eg vist nøydd til å flytta for godt, seier ho etter opplevinga førre torsdag.
Turen starta i Bergen 16.30. I Knarvik måtte ho byta buss. Som vanleg gav ho beskjed til sjåføren om at han måtte tinga drosje frå Mastrevik til Sævrøy, slik tilbodet er frå Skyss på den ruta.
Kor var drosjen?
Men sjåføren hadde ikkje ordna med drosje til Mastrevik. Rita ringde sjølv etter drosje, men denne var oppteken på Mongstad.
Då bilen endeleg kom, var det for seint for å nå ferja 20.30. Dermed var det berre å venta på neste ferje 21.55. Vel heime hadde turen frå Bergen tatt seks timar.
I ruta stod det opprinneleg ein fotnote om at ruta skulle gå til Sævrøy dersom det var reisande dit, og at den på fredagar går Solend.
Det kan lett tolkast som om ruta går beinvegs mot kaien dei andre dagane.
Etter helga var dette endra til ”Berre fredagar dersom det er passasjerar, kjører om Solend”.
Vedgår rot
Marknadssjef Målfrid Vik Sønstabø i Skyss seier at det ikkje er taxiordning til denne ruta til vanleg, det gjeldt berre fredagar.
- Eg vedgår at det var krøkkete skrive i ruta. Hadde passasjeren reist med bussen frå Bergen som skal nå ferjeruta 21.55 frå Sævrøy, ville det vore busskorrespondanse på torsdagar og, seier marknadssjefen.
Siste kommentarar