...
ENDELEG I GANG: Depotleiar Kjell Samnøy, Ingmar Stuberg og Pål Holgersen frå depotmannskapet er glade for at oljeverndepotet endeleg er tilbake på Fedje.

- Hugsar best diesellukta

Men tirsdag kunne fedjingane jubla for nytt oljeverndepot.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Atle Vaage og Endre Hopland
Publisert 09.12.2009 kl 11:43 Oppdatert 09.12.2009 kl 11:43

Tips ein venn på e-post:

Nesten tre år etter at lasteskipet Server grunnstøtte utanfor Hellisøy fyr på Fedje vart det nye og topp moderne oljeverdepotet på øya opna.

Fredag 12. januar 2007 skjedde det som ikkje skulle skje.

Det kypriotiske lasteskipet Server gjekk på grunn utanfor Fedje, og eit forsvinnande lite mellomlagringsdepot med nokre skarve oljelenser var alt fedjingane hadde å forsvara seg med i kampen mot oljesølet.

Oppryddingsjobben vart enorm, og sjødyr og fugl fekk unngjelda mest av alle.

Tirsdag 8. desember 2009, nesten tre år seinare, kunne endeleg det nye og topp moderne oljeverndepotet på Fedje opnast. No står eit depotmannskap på elleve, inkludert depotleiar Kjell Samnøy, klar på kort varsel dersom det skulle smella på ny.

- Galskap

Depotleiar Samnøy var mannen som leia arbeidet dei første timane etter at Server gjekk på grunn. Han fortel at han kom rett frå kranselag i fleirbrukshallen, og då han slo på TV 2-nyheitene heime såg han at eit skip hadde gått på grunn utanfor Fedje.

- Like etter ringte Kystverket og spurde om eg kunne kjøra ut og sjå korleis situasjonen var. Det eg hugsar best er diesellukta som var overalt, fortel Samnøy som på det tidspunktet var ansvarleg for mellomlagringsdepotet på øya.

- Utpå ettermiddagen lørdag ringte dei igjen og ville ha folk ut. Vi reiste av garde, og klarte å samla inn ein del olje. Så snudde vinden og alt rak utover igjen. I ettertid ser eg jo at det var galskap i det heile tatt å prøva på noko under dei vêrforholda som råda, fortel Samnøy.

Best stelt i landet

Beredskapsdirektøren i Kystverket, Johan Marius Ly, var ein fornøgd mann då det nye oljeverndepotet vart opna på Fedje i går ettermiddag.

- Ingen region i Norge er så godt stelt med oljevernutstyr som denne er no er, seier Ly som likevel ikkje kan lova at kommunen står rusta dersom ein supertankar går på.

- Det finst ikkje godt nok utstyr i verda dersom dei aller største båtane skulle grunnstøyta i dårleg nok vêr, seier han til Nh.

Det skapte ståk då oljeverndepotet på Fedje vart flytta til Florø for ein del år tilbake, og sidan den gongen har det vorte kjempa hardt for å få depotet tilbake.

I 2005 kom valløftet frå Stoltenberg-regjeringa om at depotet skulle gjenopnast i øy-kommunen, men ting gjekk for seint.

12. januar 2007 hadde Fedje kommune berre eit mellomlagringsdepot å hjelpa seg med då det small. Ein slik situasjon vil ikkje kommunen hamna i igjen.

- Reine føresteinar

- Alt utstyret her på Fedje er nytt, og vi er glade for at depotet er oppe og går igjen, utan at det har påverka depotet i Florø, seier beredskapsdirektør Ly.

Han understrekar samstundes at Kystverket er spesielt godt fornøgd med depotmannskapet på Fedje, der dei aller fleste har erfaring frå skikkeleg oljeryddingsarbeid.

Kjell Samnøy legg ikkje skjul på at også han er glad for at depotet endeleg er tilbake, men han passar seg vel for å kritisera nedlegginga.

- Den gongen var det nok ei riktig vurdering med nedlegging, men eg er glad for at regjeringa i etterkant har vald å oppretta eit nytt depot på Fedje, seier han.

Samnøy poengterar samstundes at han er glad det gjekk så bra som det faktisk gjorde i etterkant av den dramatiske Server-ulukka.

- I dag er det einaste synlege provet på at noko har skjedd at fjøresteinane er mykje reinare enn dei var før ulukka. Vi får vel nesten takka Kystverket for at dei la ned det gamle depotet. Hadde dei ikkje gjort det hadde vi aldri fått eit så flott og moderne depot som dette, seier han.

- Urettferdig

Fedje-ordførar Kristin Handeland kan fortelja at folket på Fedje oppfatta det som svært urettferdig då oljeverndepotet vart flytta til Florø, og ho legg ikkje skjul på at ho glad for at det nye depotet endeleg er på plass.

Ho takka også Ly for det gode samarbeidt kommunen og Kystverket har hatt så langt, og fortalde samstundes om store forhåpningar for framtida.

Avslutningsvis takka også ordføraren depotmannskapet for jobben dei no har tatt på seg, og poengterte at det viktigaste av alt var at dei tok vare på seg sjølv.

Handeland overrekte også Ly Erlend Spurkeland si bok om kongebesøket i Nordhordland.

- Denne kan de ha når eg masar på dykk. Så kan de i Kystverket sjå at eg i alle fall var blid ein dag i 2009, seier ho og ler.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.