Vil bruka gymsalen.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Dagrun Stokke
E-post
|
|
| Publisert 17.11.2009 kl 15:27 Oppdatert 17.11.2009 kl 15:50 |
Nok ein gong står skulekjøkkenet ved Fedje skule i fokus. Men rektor Helge Tangen har ein draum som kostar 5,7 millionar kroner.
Miljøretta helsevern har vore på ny inspeksjon ved Fedje skule. Nok ein gong viser rapporten at skulekjøkkenet er prega av slitasje. Denne gongen vart det også oppdaga vasslekkasje og oppvekst av muggsopp inni kjøkkenbenkane. I 2006 vart det påvist saltutslag på yttervegg. No viser det seg at ein framleis ikkje har fått bort alt saman.
Men skal ein stadig flikka på skulekjøkkenet eller skal ein gjera noko meir permanent? – Eg er ikkje i tvil om kva eg ønskjer, seier rektor, og fortel om sine draumar for skulen. Ein plan som ikkje kan gjennomførast, fordi den kostar 5,7 millionar kroner.
- Etter at fleirbrukshallen opna, sit vi med ein gymnastikksal som berre er sporadisk i bruk. I tilknyting til den eit garderobeanlegg. Eg ser føre meg å byggja gymnastikksalen om til elevkantine, kino, festsal med musikkavdeling. Garderobane ser eg føre meg som kombinert skule-/kantinekjøkken, seier han.
Større musikkrom
Hadde kommunen hatt pengar, kunne ein bygd det gamle skulekjøkkenet om til musikkrom, med instrumentrom i siderommet.
- Ei slik løysing ville betra øvingsplass for koret Feiekostane. Dei har det trongt i dagens musikkrom, seier Tangen.
Sjølv om draumen hans ikkje vert oppfylt med det første, skulle han ønskja at ein kunne starta med garderobane. Då ville ein i alle fall fått eit nytt skulekjøken, som ein slapp å flikka på år etter år. – Då kunne vi sett ut bord i gymsalen og likevel fått ei kantine, seier han.
Tangen viser til at mat i skulen vert stadig viktigare. Som andre stader i landet, er det mange fedjeelevar som kjem på skulen utan frukost.
Elevane ber om meir
- Ein dag i veka har vi sokalla smørjelunsj, der ein deler elevane opp i tre grupper og smør seg mat på skulekjøkkenet. Elevane likar dette og spør om vi ikkje kan gjera det oftare, seier rektoren. All forsking viser òg at elevar som har ete frukost, klarar seg betre gjennom skuledagen.
No håpar rektoren at politikarane ser det på same måten som han, og løyver midlar til å starta med første del av utbygginga. Skulle så skje, reknar han ikkje med at arbeidet vert ferdig til skulestart igjen 15. august. – Vert skulekjøkenet stengt, tåler vi det i påvente av at eit nytt skal koma, seier Tangen.
Fleire pålegg
Tilhøva på skulekjøkkenet er eit av fleire pålegg som har frist til 15.08.10. Eit klasserom manglar handvask, i den nye delen av skulen er det av ukjent årsak avskalling i klasseromma og dette bør utbetrast, i tillegg må saltutslag på veggar i skulekjøkken, grupperom og gang reparerast, og det skal ikkje førekoma fukt i innemiljøet.
Rapporten viser også ei rekkje mindre tiltak – 11 i talet - som må vera på plass innan slutten av dette året.
Siste kommentarar