Slik ser arkitektane for seg at eit kurs og konferansehotell ved Åråsvågen med 150 senger kan bli sjåande ut.
Eigarinteressene bak Mastrevik torg og Breidvik Eigedom jobbar no med planane for eit kurs og konferanse hotell med 150 senger. I tillegg ønskjer dei å få inn ein kulturhusfunksjon.
- Trafikken knytt til Mongstad vil vera bærebjelka, men på lengre sikt vil denne regionen vera svært interessant også for opplevingsferie. Ekspertane spår stor vekst både i talet turistar og i folketal i vår region, seier Odd Arne Blindheim til Nh.
Han reknar med at kring 200 millionar må hentast inn frå investorar. I tillegg må det på plass ein avtale med ein av dei store hotellkjedane om drift. Lees meir i Nh lørdag.