...
SNORKLIPP: Ordføraren klippa snora, godt assistert av tvillingane Kristian (til høgre) og Marthe Lid Løberg på fem år. Ved sidan av ordføraren står styrar Åshild Herland Hope.

Grå gang vart kunstgalleri

Er gangen grå og keisam? Lag ”Galleri Gangen” då vel!

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Atle Vaage E-post
Publisert 05.02.2010 kl 10:57 Oppdatert 05.02.2010 kl 10:57

Tips ein venn på e-post:

Barna i barnehagen på Kaland dansa av glede då dei torsdag kunne opna sitt eige kunstgalleri. Sjølvaste ordføraren var på plass for å klippa snora, deretter vanka det kanapear, etterfølgt av skikkeleg husmannskost til lunsj.

-Det er trongt her i gongen, men der det er hjarterom er det som kjent husrom, sa ein imponert ordførar. Han fekk sjå alt frå måleri til bilde barna har fotografert sjølv, skumle edderkoppar og utslitne skor. Og sjølvsagt hadde ordføraren med seg gåve.

Veronica Arnesen helsa frå Statoil Mongstad. Hjørnesteinsverksemda har avtale med kommunen om kjøp av plassar i barnehagen, og dei eldste barna får koma på besøk.

-De har laga så mykje fint, håpar vi kan få noko til å henga på våre veggar når de kjem, sa Arnesen. Til gjengjeld har ho lova eit glasskap til å stilla ut meir kunst i.

Tvillingar heldt snora

Tvillingane Marthe og Kristian Lid Løberg (5) fekk det ærefulle oppdraget med å halda snora ordføraren klippa. Dei fortel at dei ikkje hadde øvd på førehand, og at dei var litt nervøse.

-Ordføraren hadde på seg eit svært smykke, det var kjempefint, seier Marthe alvorleg.

Dei to har laga trå-edderkoppar, bilde og treklossar med måleri. Og så får dei måla bilde med sugerør.

-Vi bles på målinga gjennom sugerøret, det vert stilig, fortel dei.

Stolt oldemor

Ein del foreldre hadde takka ha til invitasjonen, sjølv om opninga gjekk mitt i beste arbeidstid. Men om mor og far ikkje kan, så stiller oldemor opp. Olaug Kjeilen frå Kjeilen har ikkje mindre enn tre av sine oldebarn i barnehagen på Kaland.

-Det er Anna, Jenny og Ina Marie, to av dei går på denne avdelinga. Kjekt å bli invitert, og så er dei jo så grådig flinke. Alltid kjekt å høyra barna syngja, seier Olaug ved lunsjbordet.

...

Store steinblokker rasa ut

Meland Stengd mellom Mjåtveit og Dalstø. Les meir

...

Klart for Hot Club de Norvege

Puls Det blir både sag og svingande rytmar når Hot Club de Norvege skal få Knarvikmil-veka til å svinga fredag kveld. Les meir

...

Plateklare på heimebane

Puls Heimalanné slepp plate nummer fem. Les meir

...

Vil ikkje tvangsflyttast

Gulen Hilmar (75) nektar sjukeheim. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Endeleg i mål!

Puls På Nordkapp. Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Evanger bru - Bolstadtunnelen, ved Godfarskolten
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til torsdag og lørdag fra 07:0...
Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Sveio - Stord (Bømlafjordtunnelen)
Redusert framkomst:
Manuell dirigering på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Søndag og mandag...
Ev 39 Osvegen, ved Hamrevegen (i Bergen kommune)
Redusert framkomst:
Manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til torsdag fra 20...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.