Ei kvinne er i Nordhordland tingrett dømd til 21 dagars fengsel på vilkår for mellom anna å ha sparka, slått og bite ei polititenestekvinne.
Episoden skjedde då kvinna følgde med til lensmannskontoret etter å ha framsett trugsmål mot tilsette ved eit sosialkontor. Kvinna, som ikkje er busett i Nordhordland, var på sosialkontoret saman med kjærasten i januar i år. Der informerte ein av dei tilsette om føresetnadane for utbetaling av sosialstønad. Domfelte vart irritert og trua med å ”knusa trynet” på den tilsette. Politiet vart tilkalla og tok med seg domfelte til politikontoret. Der bad ho etter eiga utsegn om å bli sett i ei celle, fordi ho rekna med å få mat. Etter kvart dukka og kjærasten til domfelte opp på politistasjonen, og skapte ein del bråk ute i gangen. Domfelte, som sat på eit av kontora, var på veg ut i gangen til kjærasten, då politikvinna prøvde å halda ho tilbake grunna frykt for ytterlegare bråk om ho kom ut til kjærasten.
Drapstruslar
Medan politikvinna prøvde å hindra domfelte frå å blanda seg i bråket, blei ho bitt i høgre hand, og sparka fleire gangar i beina. Domfelte slo, skubba og spytta politikvinna i ansiktet for å koma seg ut til kjærasten. Då ei anna politikvinne kom til for å hjelpa kollegaen, sa domfelte fleire gonger ”deg skal eg hugsa, deg skal eg drepa”.
Domfelte hevda i retten at ho ikkje var klar over at politikvinna som gjekk i sivil, var tenestekvinne.
I straffeutmålinga er det lagt vekt på at domfelte har hatt ein vanskeleg bakgrunn, mellom anna har ho i fleire år vore under barnevernet si omsorg. Men samstundes gjer retten det klart at allmennpreventive omsyn veg tungt. I dommen heiter det at ”både politi og tilsette i sosialetaten har behov for vern. Dei møter ofte folk med problem av varierande art, og desse personane kan ikkje la sin vrede gå ut over desse yrkesgruppene”.