Det blir stadig fleire ørner i Nordhordland og Gulen. Truleg er det over 20 ørnepar som hekkar her.
– Ørnebestanden er større enn på fleire titals år, og det hekkar ørn i heile regionen, seier ørneekspert Magne Sleire.
Sleire slår fast at ørnebestanden ikkje lenger er trua. Men bestanden er sårbar, i den forstand at den tar lang tid å byggja opp att når den først har vore på eit lågmål.
Ørna har vore freda dei siste 35 åra, og det fortel litt om kor lang tid det tar før stammen tar seg opp igjen, seier Sleire.
Ørnebestanden er framleis i vekst i Nordhordland og Gulen, og Sleire reknar med at bestanden vil ha nådd eit metningspunkt om 5-7 år
– Ørna er seint kjønnsmoden og får berre 0,7 unge på vingene for året, forklarar ørneeksperten frå Masfjorden.
Når ørnebestanden blir tettare, vil den regulera seg sjølv. Blant anna ved at det blir fødd færre ungar. Dessutan er det enkelte som som må bøta med livet i kamp om revir og make i forkant av hekkesesongen.
Sleire trur ikkje fredinga av ørn blir oppheva. – Det er rett og slett ingen grunn til å jakta på ørn, seier han.
Angrepen av måse
Nyleg var Nh vitne til at ei havørn vart jaga av ein måseflokk på Øpso. Det er ikkje noko uvanleg syn. – Som ofte har måsen god kontroll over situasjonen, seier Sleire.
Havørna sitt matbord inneheld i hovudsak fisk og sjøfugl.
– Vi har avdekka restar etter pattedyr i havørn-reir, men det er ganske sikkert etter at ørna har forsynt seg av eit kadaver, seier Magne Sleire.
Kongeørna er ein meir sjeldan gjest heilt ute mot kysten. I vår region er kongeørna mest utbreidd i Masfjordfjella, og har både dyr og fugl på favorittmenyen. Ho er også i stand til å ta rev, fortel Sleire.