...
TIL FEDJE: Toralv Maurstad og Rune Alver tar Peer Gynt til Fedje neste søndag. (Arkivfoto: Randi Bjørlo)

Peer Gynt til Fedje

Peer Gynt er tema når Toralv Maurstad og Rune Alver kjem til Fleirbrukshallen om ettermiddagen søndag 19. februar.

Randi Bjørlo
Randi Bjørlo Profil E-post
Publisert 08.02.2012 kl 11:28 Oppdatert 08.02.2012 kl 11:28

Tips ein venn på e-post:


Toralv Maurstad, nestor i norsk teaterliv, og kanskje den mest kjende Peer-tolkaren i Noreg, har med seg Rune Alver til Fedje denne søndagen.

Dei framfører utdrag av teksten og musikken til Henrik Ibsens ”Peer Gynt” i ei lita perle av ei framsyning . Ein sjeldan sjanse til å sjå Maurstad i denne rolla.

Dei to har tidlegare presentert Peer Gynt i Knarren på Knarvik vidaregåande, i regi av Musikkens Venner i Nordhordland.

I denne runden er det Fedje og Modalen som får besøk i Nordhordland – yst på den nøgne ø og inst i dalen. Eit kulturelt vindpust midt i den stive kulinga.

Fedje kommune håpar mange nyttar seg av dette høvet til å sjå Maurstad som Peer, og høyre både Grieg og Sæveruds scenemusikk til det kjende stykket. Andre ”innafjordingar” er og hjarteleg velkomne, det går ferje frå Sævrøy kl. 15.15, og ferje frå Fedje kl.18.10.

Førehandssal av billettar på kulturkontoret, kommunehuset.

Mest lese no

...

Fire bilar i kjedekollisjon

Nyhende Smell på Haglsundbrua. Les meir

...

Situasjonen alvorleg for raffineriet

Nyhende Regjeringa informerer Stortinget. Les meir

...

Anna får ein tryggare kvardag

Lindås Lindås kommune er med i eit pionerprosjekt for eldre som bur heime. Les meir


Avisa Nordhordland

Kvernhusmyrane 29, 5914 ISDALSTØ
Tlf 56355555, telefaks: 56355556
Webansvarlig: Endre Hopland
Ansvarlig redaktør: Randi Bjørlo

Nasjonalbiblioteket

Vi gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig. Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.