Meland-ordførar Nils Marton Aadland.
Meland-ordførar Nils Marton Aadland er valt til styreleiar i det nyetablerte pådrivarselskapet Sambandet Vest, som skal fronta tverrsambandet mellom Radøy, Meland, Askøy og Øygarden, den såkalla Gullvegen.
- Tverrsambandet er eit veldig viktig prosjekt for verdiskapinga i heile Bergensregionen og Hordaland. Veganlegget vil opna for ein ny bu- og arbeidsregion, og ikkje minst vera veldig sentralt i forhold til ei utvikling av nordre delane av Meland og Radøy, seier Nils Marton Aadland.
Meland-ordføraren vart valt til styreleiar då Sambandet Vest AS vart offisielt skipa like før helga.
Raskare mellom oljemetropolane
Aadland legg også vekt på at sambandet vil knytta saman to store olje- og gass-sentra i Norge, Mongstad og Kollsnes på ein heilt anna måte enn i dag. Reisetida blir omtrent halvert. Han konstaterer at SINTEF i sine utgreiingar er overtydeleg på at aksen Mongstad-Øygarden vil ha ei aukande betydning for verdiskapinga i heile Bergensregionen.
- Men SINTEF er også klar på at for å ta ut potensialet for verdiskaping i regionen er det avgjerande å sikra nødvendig og funksjonell infrastruktur, og då handlar det ikkje minst om kommunikasjonar.
Miljø og beredskap
Det vil også avlasta tungtrafikken mellom Sotra-Øygarden og Nordhordland gjennom Bergen sentrum, som faktisk utgjer 20 prosent av all tungtrafikk gjennom sentrum.
Styreleiaren ser også for seg miljøgevinstar i kortare kjøretid, noko ikkje minst næringslivet vil dra fordel av.
- Det vil også vera mogleg å få til effektive og gode kollektivløysingar, med ringvegsruter mellom Nordhordland Askøy og Bergen.
Han framhevar også den styrka beredskapen som Tverrsambandet vil medføra.
- I dag er det ingen omkjøring mellom Nordhordland og Bergen dersom Nordhordlandsbrua eller Askøybrua skulle bli stengd, seier han.
Stortinget positiv
Nils Marton Aadland har eit klart inntrykk av at Tverrsambandet har vunne gjenklang både blant fylkespolitikarane og langt inn i stortingskorridorane. Han viser til at leiaren i samferdselsutvalet på Stortinget, Knut Arild Hareide under eit besøk i Nordhordland i februar i år gav klart uttrykk for dette prosjektet må prioriterast.
Ingen kamp
- Det blir ingen kamp mellom Nyborgtunnelen og Tverrsambandet. Nordhordlandspakken har første prioritet for Nordhordland. Men det er viktig å koma med i gang med utreiingar og kostnadsanalysar så raskt som mogleg, seier Aadland.
Han minnar om at Tverrsambandet var med i fase 3 i den opprinnelege Nordhordlandspakken.
Bompengar
Kva Tverrsambandet vil kosta, vil ikkje Meland-ordføraren spekulera for mykje i no.
- Men det blir heilt sikkert langt meir enn den milliarden det grovt sett har vore kalkulert med til no. Vi må arbeida aktivt for å sikra mest mogleg offentlege midlar til dette prosjektet, men det er lite realistisk å tru at vi skal få bygt Gullvegen utan bruk av bompengar, eller andre former for eigenbetaling, seier Nils Marton Aadland.