No ønskjer 17-åringen å åtvara andre.
Kulturkalender | ||
|
Gro Anette Fanebust Kittang
E-post
|
|
| Publisert 29.07.2010 kl 11:34 Oppdatert 29.07.2010 kl 11:41 |
Som 16 åring blei ho valdteken av ein tjue år eldre mann etter ein nettflørt. No vil ho åtvara andre.
Jenta frå ein av kommunane i Nordhordland, er no 17 år gamal. Ho møtte mannen på nettstaden penest.no (Nh tar ikkje ansvar for eksternt innhald), ein populær nettstad og møtestad for ungdom.
I vel eit år chatta jenta jamleg med mannen som gav seg ut for å vera i 20-åra. I verkelegheita var han godt over 30.
- Eg følte at eg kjende han godt. Eg vart fortruleg med han, og fortalte mykje om meg sjølv, fortel jenta til Nh.
Treffast i Bergen
Etter kvart blei dei samde om å treffast. Ettersom mannen bur på ein annan kant av landet, vart dei via nettet samde om å treffast i Bergen.
- Eg såg raskt at han var eldre, og han vedgjekk at han var i 30-åra. Vi gjekk ein tur og prata, og enda opp framfor hotellet hans, forklarer jenta.
Mannen sa at han skulle inn og sjekka inn, og ho venta utanfor.
Etter ei stund fekk ho ein tekstmelding der mannen bad ho om å koma opp på rommet.
- Eg var litt ukomfortabel med å gå dit, men tenkte jo at han berre ville prata og bli betre kjent, seier 17-åringen.
Valdteken på hotellrommet
Minna frå det som skjedde vidare er det ho no må leva med kvar dag. Den unge jenta ser ned medan ho fortel, og fiklar nervøst med armbandet sitt.
- Med ein gong eg kom inn på rommet, prøvde han å kyssa meg. Eg prøvde å seia at eg måtte gå, men han dytta meg ned på senga, og byrja riva i kleda mine.
Ho bryt saman. Legg henda framfor andletet. Sit slik ei stund, før ho tørkar tårene.
- Eg prøvde å koma finna ei løyse, men det gjekk ikkje, seier ho stille.
Prøvde å gløyma
Etter valdtekta fekk ho på seg kleda, og gjekk ut i gata. Prøvde å verka normal, så ingen skulle sjå kva som nettopp hadde skjedd.
Den neste månaden sat ho inne på rommet sitt, og orka ikkje treffa nokon.
Nesten eit år gjekk det før ho i det heile fortalde nokon om det som hadde skjedd.
- Eg ville ikkje at nokon skulle vita om det. Berre prøva å gløyma det sjølv. Samstundes var eg så deprimert og kunne grina av den minste ting, fortel jenta.
Ho har ikkje meldt saka til politiet.
- Eg snakka med politiet og spurde kva ein skulle gjera dersom ei veninne var utsett for noko slikt. Eg var berre ikkje klar for å fortelja at det var mi eiga historie. Eg forstod uansett at det var lite å gjera så lenge det ikkje var noko bevis, og det har eg jo ikkje, seier ho.
- Kan skje alle
Mannen har kontakta jenta og truga ho etter hendinga. Det gjer at ho sjeldan går åleine.
No vil ho åtvara andre mot å gå i same fella som ho sjølv gjorde.
- Treff aldri nokon du møter på nettet åleine. Ha med nokon du kjenner, og berre ver på opne stadar der det er trygt, er hennar råd.
- Eg trudde aldri noko slikt kunne skje meg. Men så er det jo sånn at det kan skje kven som helst, seier ho.
Siste kommentarar