Masfjordingen Petter Kvinge Tvedt (Frp).
Ei teikning som framstiller profeten Muhammed som ein hund er i dag profilbildet til Frp-toppen Petter Kvinge Tvedt frå Masfjorden på Facebook.
Tvedt, som har vore rådgjevar for Liv Røssland og har fleire verv på by- og fylkesnivå i Bergen og Hordaland, ønskjer med profilbildet å visa si støtte overfor den svenske karikaturteiknaren Lars Vilks.
- I dag støttar eg Lars Vilks ved å bruka hans teikning av profeten Muhammed som hund som profilbilde. Ingen skal trugas til å teia stille, skriv Tvedt i statuslinja si på Facebook.
Lars Vilks har teikna profeten Muhammed i heller lite flatterande situasjonar. På Tvedt si side er profeten framstilt som ein hund i urbane omgjevnader.
I går arresterte irsk antiterrorpoliti sju personar som er mistenkt for å ville drepa teiknaren.
– Under heile etterforskinga har irsk politi samarbeida nært med USA og ei rekkje andre europeiske land, skreiv det irske politiet i ei pressemelding.
Petter Kvinge Tvedt seier at det heile dreier seg om å forsvara Vilks rett til å ytra seg.
- Ytringsfridomen er fundamental. Eg har respekt for at nokon vil føla seg støtt av teikninga, men eg respekterar ikkje trugsmål og drapsforsøk, seier han.
- Eg meiner det er viktig å visa kva dette faktisk handlar om. Det er nokon teikningar, som altså har ført til drapsforsøk. Fleire norske medium burde publisera teikningane. Dei gir bakgrunn for trugsmåla, legg han til.
Tvedt hevdar vidare at dersom han sjølv skulle verta truga, vil han halda fram med å publisere disse teikningane.
- Grunnen til at eg publiserar dei er jo nettopp det at dei har utløyst trugsmål, seier han.