...
- Vi må få ned vassforbruket i Mongstad-området fort. Elles må vi redusera leveransane av vatn til Nordsjøen. Det er nødvendig ikkje minst for å oppretthalda nødvendig beredskap i området, seier einingsleiar Arne Eikefet. (FOTO: Robert Fredheim)

Krise for Mongstad-vatn

Kan ramma forsyninga til Nordsjøen.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Arthur Kleiveland E-post
Publisert 01.03.2010 kl 07:29 Oppdatert 01.03.2010 kl 07:39

Tips ein venn på e-post:

Dersom industrien i Mongstad-området ikkje reduserer vassforbruket sitt, blir det nødvendig med ein stor reduksjonen i vassforsyninga frå Mongstadbase til oljeinstallasjonane i Nordsjøen.

Går på beredskapen laus

- Vi er nøydd til å gå til så drastiske tiltak ikkje minst for å oppretthalda nødvendig beredskap i området, understrekar einingsleiar Arne Eikefet i Lindås kommune.

Varsla politikarar og industri

Han har varsla Lindås-politikarane om at volumet av vatn som blir skipa ut til plattformene i Nordsjøen kan bli kraftig redusert dersom Mongstad-industrien ikkje reduserer sitt vassforbruk.

Vassverksetaten i Lindås kommune har gått ut med sterk oppmoding til bedriftene i Mongstad-området om å redusera forbruket av vatn. Arne Eikefet meiner det er fullt mogleg å gjennomføra ved å gjera eit krafttak mot frosttappinga.

Frosttapping

Arne Eikefet slår fast at det for tida er eit veldig stort vassforbruk i Mongstad-området, ikkje minst på grunn av frosttapping.

- Altfor mange lar vatnet renna for å sikra seg mot frost i installasjonar og rørsystem, seier Eikefet.

Gjennomsnittleg blir det dagleg frakta ut om lag 1000 kubikkmeter vatn om bord i supplybåtar frå Mongstadbase til oljeinstallasjonane i Nordsjøen – tilsvarande mengde som frå 100 vanlege tankbilar.

Nordsjø-forsyning kan bli halvert

Dersom det i ein periode skulle bli redusert utskiping av vatn frå Mongstadbase til plattformene, reknar Eikefet med at behovet for vatn kan dekkast inn over andre hamner.

Arne Eikefet vil ikkje i dag seia eksakt kor stor ein reduksjon i vassleveransane til Nordsjøen kan bli, men han utelukkar ikkje at det er nødvendig med ei halvering.

I dialog med industrien

Arne Eikefet er i dialog om redusert vassforbruk både med Statoil Mongstad, bedriftene på basen, og Austrheim kommune. Det er særleg situasjonen for reserve-vassverket i Rotavatn som skapar hovudbry. Dette vassverket står for 20 prosent av vassforbruket i Mongstad-området.

Urovekkande lågt

- Vatnet er så kraftig nedtappa at vassnivået er i ferd med å verta urovekkande lågt, seier Eikefet. Han meiner det skal vera fullt mogleg for industrien å redusera forbruket. - Det handlar om ein reduksjon på rundt ti prosent. I dag er forbruket unødvendig stort, fastslår han.

Frosttapping over alt

Vassforbruket i Lindås er svært høgt, og frosttapping pågår i alle delar av kommunen.

- Vi taklar situasjonen i resten av kommunen, men slit kraftig i Mongstad-området, seier Arne Eikefet.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.