...
PRIORITERAST: Komitéleiar Knut Arild Hareide (t.h.) meiner den såkalla Gullvegen bør prioriterast. Her saman med Meland-ordførar Nils Marton Aadland og stortingsrepresentant Øyvind Halleraker. Foto: Endre Hopland

- Gullvegen bør prioriterast

Knut Arild Hareide klar i sin tale.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Endre Hopland E-post
Publisert 24.02.2010 kl 15:17 Oppdatert 24.02.2010 kl 15:17

Tips ein venn på e-post:

Leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen, Knut Arild Hareide, meiner den såkalla Gullvegen bør prioriterast.

- Dette er eit prosjekt vi skal sjå på, og som eg meiner bør prioriterast. Det er i dette området veldig mykje av verdiskapinga vår skjer, seier Hareide til Nh.

Ein meir eller mindre samla region står bak planane om eit tverrsamband på tvers av fjordane som skil oljeknutepunkta Kollsnes og Mongstad.

Då Transport- og kommunikasjonskomiteen besøkte Meland mandag ettermiddag vart planane lagt nøye fram for stortingsrepresentantane.

Meland-ordførar Nils Marton Aadland, peika mellom anna på at i løpet av ein 50-årsperiode vil aksen Mongstad/Øygarden/Kollsnes ha ein aukande betyd

Ny bu- og arbeidsregion

- Ein rapport frå SINTEF viser at det er avgjerande å sikra nødvendig og funksjonell infrastruktur for å få til denne verdiskapinga.

- Eit tverrsamband vil også avlasta vegnettet i Bergen sentrum, og opna for ein ny bu- og arbeidsregion. Vi ser for oss store miljø- og transportgevinstar, og tenkjer også framtidsretta kollektivløysingar, seier Aadland.

Under besøket frå Oslo orienterte også Sveinung Valle om Nordhordlandspakken og Nyborgstunnelen, medan regionvegsjef i Staten vegvesen region Vest, Olav Ellevset, mellom anna tok føre seg alternative bru- og tunnelløysingar i fylket.

Gang- og sykkelveg

Knut Arild Hareide oppsummerer turen til Nordhordland som nyttig. Han er i god dialog med sine partikollegar i KrF på både nord- og sørsida av brua.

Mellom sakene som vert diskutert er gang- og sykkelveg langs RV 57, som Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes har orientert komitéleiaren nøye om.

- Dette er noko vi vil prioritera. Vegen kjem til å bli sett på vår dagsorden, seier Hareide til Nh.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.