...
GRØNARE AVIS: Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes stod for overrekkinga av diplomet som provar at Avisa Nordhordland er blitt miljøfyrtårn.

Grønare lokalavis

Avisa Nordhordland er blitt miljøfyrtårn.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Atle Vaage E-post
Publisert 24.02.2010 kl 13:13 Oppdatert 24.02.2010 kl 13:19

Tips ein venn på e-post:

Onsdag kunne redaktør Randi Bjørlo ta imot diplomet som provar at avisa har gjennomgått miljøsertifisering og blitt miljøfyrtårn.

- At lokalavisa vår har tatt denne jobben er prisverdig, og eit godt føredøme for andre. Eg opplever at både leiinga og dei tilsette tek utfordringane på alvor.

- Vi håpar sjølvsagt fleire lokale verksemder skal følgja etter, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes som stod for overrekkinga.

”Mange bekkar små”

Frå før er fire verksemder i Lindås sertifisert, mellom dei det interkommunale renovasjonsselskapet NGIR.

-Det er eit godt stykke arbeid som no vert løna med miljøsertifisering. Lindås kommune har ein klimaplan som set mål for å redusera utsleppet, og då handlar det om at alle må ta eit tak for framtida vår.

- Her gjeldt verkeleg uttrykket om at ”mange bekkar små gjer ei stor å”, sa ordføraren.

Ulike bransjar har ulike krav for å oppnå status som miljøfyrtårn, Nh er sertifisert etter krava som gjeld for kontorverksemd. Etter tre år må verksemder som er miljøfyrtårn resertifiserast.

- Vi har ambisjonar om å setja nye mål og visa klar framgang i løpet av dei tre åra, seier redaktør Randi Bjørlo.

Fleire tek miljøspørsmål på alvor

Lindås kommune er einaste lokale kommune som har ein tilsett godkjent for å sertifisera verksemder.

Aslaug Aalen stadfestar at stadig fleire verksemder ønskjer å skaffa seg status som miljøfyrtårn, for å visa samarbeidspartnarar at dei tek miljøutfordringane på alvor.

- For berre eit par år sidan hadde vi eit par hundre verksemder landet over, no rundar vi 2500. Auken er formidabel, seier Aalen.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.