...
LOVAR INGENTING: Leiar for Stortinget sin Transport- og kommunikasjonskomité, Knut Arild Hareide, kunne ikkje lova at det 23 år gamle stortingsvedtaket om alternativ seglingslei gjennom Skjellangersundet og inn til Bergen vert realisert i næraste framtid. Men komiteen skal sjå på saka.

Komiteen lovar ingenting

Men Bergen-ordføraren krev handling.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Endre Hopland E-post
Publisert 23.02.2010 kl 15:58 Oppdatert 23.02.2010 kl 15:58

Tips ein venn på e-post:

...
KREV HANDLING: Ordførar i Bergen og styreleiar i Bergen og Omland Havnevesen, Gunnar Bakke, krev at Stortinget gjer som dei har lova.

Bergensordførar Gunnar Bakke meiner Stortinget må ta ansvar og trumfa Meland kommune sitt vedtak om å seia nei til utsprenging i Skjelangersundet. Komiteleiar Knut Arild Hareide lovar ingenting.

Meland-politikarane har to gonger sett foten ned mot utsprenging av ny seglingslei gjennom De Naue og Skjellangersundet.

No vil bergenspolitikarane ha omkamp om brukar storslegga for å få eit tidlegare stortingsvedtak sett ut i livet.

Dei fryktar for cruisetrafikken om ikkje det skjer, medan lokalpolitikarane fryktar faren for havari og forureining.

Ikkje på vårt bord

- Dette har vore ein krevjande prosess som har gått over mange år. Inntil vidare ligg den på eit kommunalt og regionalt plan, og er ikkje komen på vårt bord, seier komiteleiar Knut Arild Hareide, som saman med resten av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget vart orientert om situasjonen under sitt besøk i Nordhordland mandag.

I Storstova på Nordhordland folkehøgskule møtte han representantar frå kommunane, og fekk ei innføring i utfordringar på samferdselssektoren i regionen.

Etter vel ein time skulle turen etter planen gått ut til Skjelangersundet med båt, men grunna tungt snøfall og generelt dårleg vêr, vart kursen staka rett til Bergen i staden.

Avvist i Meland

I 1987 vedtok Stortinget ein stortingsproposisjonen som la opp til at Askøybrua skulle kombinerast med ei alternativ seglingsleie utan høgdeavgrensing.

Men løpet var ikkje kjørd. I 1991 vart nemleg Herdlaflaket freda grunna sårbart fugleliv, og dermed stod berre Skjelangersundet igjen.

Radøy kommune og Askøy kommune godkjende den utarbeidde reguleringsplanen for området i 2006, men i Meland vart planen avvist.

Dermed er Bergen framleis utan alternativ innseglingsleie for dei største aller skipa.

Gunnar Bakke, som er både ordførar i Bergen kommune og styreleiar i Bergen og Omland Havnevesen, la fram all sin frustrasjon framfor Transport- og kommunikasjonskomiteen.

- Stortinget må følgja sin lovnad

- Cruisetrafikken har stor betydning for Bergensregionen. Cruisenæringa er også ein viktig del av grunnlaget for næringslivet på Vestlandet, og Bergen by vert ofte omtala som ”The Gateway to the Fjords of Norway”, seier Bakke.

Difor meiner han det er heilt uhaldbart at Bergen, som er utpeika som nasjonal hamn, skal ha avgrensingar som gjer at dei ikkje kan ta imot dei største cruiseskipa og større installasjonar frå olje- og gassindustrien.

- Ei nasjonal hamn kan ikkje vera avhengig av vedtak i ein enkel kommune for å ha moglegheita til å utvikla seg. Stortinget må no følgja sin lovnad og sitt vedtak frå 1987, og skaffa Bergen ei alternativ seglingsleie utan høgdeavgrensing, seier Bakke.

- Større og større

Komitéleiar Hareide har ingen problem med å sjå at noko må gjerast med innseglinga, men kan ikkje no seia så mykje om saka.

På spørsmål om kvifor noko enno ikkje er gjort når det for lengst er vedtatt utbetra innsegling i Stortinget, svarar Hareide:

- Dette er jo ei utfordring som vert større og større, etter kvart som skipa vert større og større. Dette er nok litt av grunnen til at det ikkje har skjedd noko enno.

Hareide hadde håpa på å få sjå Skjelangersundet på nært hald, men vêret gjorde altså at den planlagde ekspedisjonen vart avlyst.

- Ordføraren i Bergen er jo veldig klar. Dette er ei sak vi må sjå nøye på når den tid kjem, seier han til Nh.

Meir om komiteen sitt besøk i Nh onsdag.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.