...
INNESTENGT: - Når trafikkrushet er på det verste, får ikkje vi bruka vegane til våre eigne gjeremål. Dette skapar også ein trafikkfarleg situasjon, seier Steinar Knudsen.

Lut lei strilar som tek snarvegen

- Salhus-bygda vert kvelt av trafikk.

Publisert 03.02.2010 kl 10:16 Oppdatert 03.02.2010 kl 10:16

Tips ein venn på e-post:


Innbyggjarane i Salhus er luta lei alle nordhordlendingane som konsekvent tek ”svarvegen” gjennom bygda deira.

Vi er på veg frå Klauvaneset mot Salhus. Mot oss renn det heile tida på med bilar. Å rygga er ikkje enkelt. Vegen er smal, og brøytekantane gjer ikkje situasjonen for bilistane noko betre.

- Kvar einaste dag har vi det slik, seier Steinar Knudsen.

Han og dei andre innbyggjarane i Salhus registrerer at bygda er snarveg for strilar som ikkje orkar å stå i kø i Åsane.

No har dei fått nok.

Femdobla trafikk

Målingar som Statens Vegvesen har gjort viser at trafikkvolumet i Salhus låg på 400 kjøretøy per døgn i 1994. I 2001 var talet auka til 1440 og i 2008 til 1960.

Trafikken i bygda har altså femdobla seg etter at Nordhordlandsbrua vart opna. 80 prosent av bilane som passerer er rekna som gjennomgangstrafikk.

Køane ved Gullguven og i Vågsbotten er den direkte årsaka til at bilane heller vel å kjøra på den gamle og smale vegen framfor E39.

I følgje Statens Vegvesen sine målingar tek det 13 minuttar å kjøra E39, og 11 minuttar gjennom Salhus. Og at det er eit par minuttar å spara, det har nordhordlendingane for lengst oppdaga.

Med dette skapar dei ein svært farleg situasjon for folk som bur i Salhus. Når rushet står på, er det ikkje lett for folk å koma inn og ut til husa sine eller å kjøra dit dei skal til eigne gjeremål.

Utrykkingskjøretøy

- Eg tenkjer med skrekk og gru på kva som vil skje den dagen brann- eller sjukebilen må fram i trafikkrushet, seier Steinar Knudsen, som også er med i Velforeininga, der trafikksaka står høgt på dagsorden.

- Gåande brukar også vegen, med livet som innsats når dei prøver å koma seg på jobb, skule og trening. Svært få bilistar viser omsyn, legg Knudsen til.

For høg fart

Rett nok er det er blitt ei viss betring etter at fartsdumpar og 30-sone vart innført på delar av strekninga, men likevel er farten alt for høg, spesielt om morgonen, meiner Knudsen.

- Vi skal òg til og frå jobb og henta og bringa barna våre i barnehagen, seier Steinar Knudsen på vegner av sambygdingane. Bussjåførane får kjenna problemet på kroppen kvar einaste dag, fordi møtande trafikk gjer det heilt umogeleg å halda ruta.

Innbyggjarane har med jamne mellomrom aksjonert for å få auka forståing for problema som gjennomgangstrafikken skapar. Målingar frå Statens Vegvesen viser at ingen ting har hjelpt.

Gje oss Nybordtunnelen no

No rettar Velforeininga fram to nye appellar, den eine er til strilane om å halda seg på E39, den andre er til Bergen kommune om å få fart på arbeidet med Nyborgtunnelen.

- For oss vil Nyborgtunnelen vera løysinga. Kjem tunnelen vil folk bruka denne, og Salhusvegen går attende til å vera vår lokalveg. Inntil det skjer, må vi få fleire fartsdumpar, og 30 sone heile vegen, seier Knudsen.

Mest lese no

...

52 kommunalt tilsette i Lindås i streik

Nyhende I natt vart det brot i lønsforhandlingane mellom KS og arbeidstakarorganisasjonane. Les meir

...

Kø over Nordhordlands-brua

Matsider Trafikken står frå Nordhordlandsbrua mot byen. Les meir

MC-førar i rekkverket

Nyhende Sendt til Haukeland universitetssjukehus. Les meir

...

Kan forgifte deg sjølv

Nyhende 12.600 tonn av dette farlege avfallet går kvart år rett i søppeldunken under vasken.

Les meir


Avisa Nordhordland

Kvernhusmyrane 29, 5914 ISDALSTØ
Tlf 56355555, telefaks: 56355556
Webansvarlig: Endre Hopland
Ansvarlig redaktør: Randi Bjørlo

Nasjonalbiblioteket

Vi gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig. Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.