Over 6000 medlemmar i Hordaland.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
| Publisert 07.01.2009 kl 09:02 Oppdatert 07.01.2009 kl 15:16 |
Norges Jeger og Fiskerforbund markerer ein milepæl når dei ved utgangen av 2008 for første gong har over 6000 medlemmar i Hordaland.
6014 var medlemstalet ved nyttår, nesten 500 fleire enn året før. Medlemmane er fordelt på 26 lokalforeiningar, deriblant Nordhordland.
På landsbasis har foreininga nesten 118 000 medlemmar.
Og for dei som trur at middelaldrande menn med hang til hjortejakt dominerer medlemslistene, melder foreininga at dei per nyttår hadde 1534 medlemmar under 25 år i Hordaland, og at 561 medlemmar er kvinner.
Siste kommentarar