Knarviking i EU-parlamentet

Frode Fjeldstad.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

Bildeseriar

LM på ski 2010

Skirenn på Fjon

Cato og Claus

Skirenn på Lindås

Arthur Kleiveland

Publisert 31.10.2008 kl 16:03 Oppdatert 03.11.2008 kl 12:53

Tips ein venn på e-post:

SPENNANDE: - Utruleg spennande å følgja livet og jobbinga i Europaparlamentet på nært hald, seier den utflytta ¿knarvikingen¿ Frode Fjeldstad.

Dette er ALDE

  • Venstre har inngått ein hospitant-avtale med den liberale gruppa i Europaparlamentet, ALDE, (Alliance of Liberal and Democrats for Europe).
  • Det gir medlemar og tilsette sjanse til å vera tilknytta ALDE-sekretæriatet i tre månader.
  • Formålet er at unge menneske kan få innsikt i korleis gruppa arbeidar og korleis lover blir vedtatt i Europaparlamentet.

Han ser livet i Europaparlamentet frå innsida, den utflytta Knarvik-mannen Frode Fjeldstad. Til dagleg jobbar han som informasjonsrådgjevar sentralt i Venstre.

- Det er viktig at også Norge følgjer med på kva som skjer i EU. Dei fleste avgjerdene her blir også gjeldande for Norge gjennom vårt medlemskap i EØS, seier Frode Fjeldstad.

Han søkte seg difor til ALDE-sekretæriatet for å tileigna seg meir kunnskap om EU.

- Vi må prøva å koma inn i forkant av beslutningane, men har ein tendens til å ta debattane to år etter at det meste er ferdigbehandla i EU. Då er det ofte for seint å få endra på det vi er misnøgde med, seier Fjeldstad.

Han synest det er heilt supert å få engasjera seg i politikk på heiltid. Sin daglege jobb som informasjonsrådgjevar inneber også redaktøransvar for medlemsavisa Liberal.

Før han i 2005 begynte i dagens jobb, var han generalsekretær i Unge Venstre i to år.

Politisk tent i gymnastida

Frode sitt politiske engasjement vart tent på ein skuledebatt på Lindås gymnas i 1995.

- Ein fyr frå Venstre meinte det var tøft å ta bussen. Det kan kanskje reisast tvil om, spesielt når ein kjem frå distriktet.

- Men poenget var enkelt; vi må satsa på betre og billegare kollektivtrafikk for å snu den globale oppvarminga. For meg har miljø alltid vore ei hovudårsak til å engasjera meg politisk, seier han.

Politisk rekneskap

I Brüssel er Fjeldstad stasjonert på pressekontoret i ALDE-sekretariatet, og arbeidar med å laga pressemeldinger og førebu pressekonferansar innanfor området fisk, energi og miljø (dei to første fekk han tildelt fordi han kjem frå Norge).

Frode Fjeldstad følgjer også med i EU sin nordområde-politikk, og han har fått i oppgåve å laga ein "politisk rekneskap" for ALDE-gruppa, som skal summera opp dei viktigaste sakene ALDE har jobba med dei siste fem åra.

Det skal brukast av kandidatar til Europa-parlamentet framfor valet til parlamentet i juni.

Aktiv Europapolitikk

I parlamentet registrerer Frode Fjeldstad ein aktiv Europapolitikk frå 27 medlemsland.

Parlamentsmedlemmene foreslår og vedtar endringar i lovforslag som Kommisjonen kjem med. Norge er ikkje til stades i den førebuande lovprosessen i Kommisjonen, i såkalla ekspertgrupper.

Vi går dermed glipp av sjansen til å påverka beslutningane her i parlamentet.

Blogger om EU

For at også folk her heime skal kunna følgja med, har Frode Fjellstad oppretta ein blogg, der han skriv om aktuelle avgjerder i EU. Den ligg oppdatert på framsida til venstre.no

Frode skal heim til Knarvik til jul.

- Det er alltid ein god stad å koma tilbake til, så får tida visa om eg flyttar tilbake til vestsida av fjella. Så langt trivst eg utruleg godt med å få lov til å driva med politikk på heiltid, seier han.

Sjåfør slått i ansiktet

Nyhende Overfalt av ildsint bilist. Les meir

Publiserar Muhammed-karikatur på Facebook

Nyhende Masfjordingen Petter Kvinge Tvedt (Frp). Les meir

Noro-virus herjar sjukeheimen

Lindås Pasientar og personale ramma. Les meir

Ver på vakt

Nyhende Stor skredfare på vestlandsvegar. Les meir

15 millionar til gangveg

Lindås Endeleg gangveg forbi Hundvin. Les meir

Aktuelt:

Blogg

Bloggar frå Meiganga

Følg Tom Sverre Tomren sin blogg her

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

Magasin

På jakt etter ny bil?

Nh sitt lesar-cruise

Sei di meining

Er du lei av snø og kulde?

Ja, no er det på tide med mildvêr
Nei, flott med litt skikkeleg vinter
Bryr meg ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 1033

Strilane-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Hordaland
Vêr og føre:
Snø- og isdekke i høyereliggende strøk.
Hordaland
Vêr og føre:
Bart og vått, fare for glatte partier, i lavlandet langs kysten.
Hordaland
Vêr og føre:
Vekslende bart og snødekke i indre strøk.
Sogn og Fjordane
Vêr og føre:
Vekslende bart og snø- og isdekke i høyereliggende strøk.
Sogn og Fjordane
Vêr og føre:
Vekslende bart, snø- og isdekke, fare for glatte partier i lavlandet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Redaktøransvar