Tvungen til å trekkja seg

Styreernsmedlem i Mental Helse.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Randi Bjørlo E-post
Publisert 17.09.2008 kl 12:44 Oppdatert 17.09.2008 kl 12:46

Tips ein venn på e-post:

...

Arvid Mikal Dalland ser ikkje anna utveg enn å trekkja seg frå styrevervet i Mental Helse. Han har rett og slett ikkje råd til å bli sitjande.

– Vi får stadig mindre i tilskot, sjølv om det er vår forteneste at Radøy kommune har fått 600.000 kroner ekstra i psykiatrimidlar i år, seier han.

For Dalland har det vorte ei økonomisk belastning å sitja i styret i Mental Helse for Radøy og Austrheim.

- Eg er tvungen til å trekkja meg, då eg ikkje har økonomi til å dekka utgifter til reise, telefon og rekvisita av eiga lomme, seier Dalland til nh.

Han meiner det er håplaust å forventa at styreverva skal drivast av rein entusiasme, med mogleg tap av arbeidsinntekter og ikkje minst fritid.

Avspist med småpengar

Han viser til at Mental Helse vart oppretta for tre år sidan for at Radøy kommune skulle innfri kravet frå dåverande helseminister Sylvia Brustad om brukarmedverknad for å få hand om ekstraløyvingar til psykiatrien.

- Når vi opplever å bli avspist med små midlar, samtidig som Radøy kommune får 600.000 ekstra i psykiatrimidlar, er det tid for å setja foten ned, seier Dalland - med tydeleg adresse til at rådmannen i årets budsjett kutta tilskots-potten som fleire skal dela på, med 10.000 kroner, i staden for å styrka potten som ein naturleg konsekvens av ekstraløyvinga frå staten.

- Vi bør i det minste få nok til at vi kan få godskrive utlegga vi har med styrearbeidet. Dette må politikarane ta med seg i arbeidet med neste års budsjett, seier Dalland.

Han viser til at Austrheim kommune betalar 10.000 kroner i tilskot til Mental Helse.

- Frå Radøy får vi mellom 10- og 13.000, medan vi burde fått 20.000 i forhold til folketalet, seier Dalland og presiserer at han går ut solo, men med ryggdekning i Mental Helse.

Feil bruk av midlane

Så langt Dalland veit vil heile ekstrapotten på 600.000 kroner bli brukt til det nye busenteret for psykiatriske pasientar, lokalisert til Bjørgvin Distrikts-psykiatriske senter på Manger.

- Tilbodet som vel skal vera sjølvfinansierande, har ni plassar. Berre tre av dei vert brukt av personar frå Radøy, dei andre seks er gjesteplassar. Eg meiner det er feil når Radøy brukar midlane til å oppretta ei stilling som skal serva dei pårørande i alle brukarkommunane, seier han.

Dalland har også trekkt seg frå vervet som vararepresentant i rådet for menneske med funksjonshemming.

- Det er ikkje mogleg å gjera ein god nok jobb når ein ikkje får innkalling og sjanse til å følgja sakene, seier Dalland som ivrar for at alle kommunane bør gå saman om Mental Helse Nordhordland.

...

Store steinblokker rasa ut

Meland Stengd mellom Mjåtveit og Dalstø. Les meir

...

Klart for Hot Club de Norvege

Puls Det blir både sag og svingande rytmar når Hot Club de Norvege skal få Knarvikmil-veka til å svinga fredag kveld. Les meir

...

Plateklare på heimebane

Puls Heimalanné slepp plate nummer fem. Les meir

...

Vil ikkje tvangsflyttast

Gulen Hilmar (75) nektar sjukeheim. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Endeleg i mål!

Puls På Nordkapp. Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Evanger bru - Bolstadtunnelen, ved Godfarskolten
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til torsdag og lørdag fra 07:0...
Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Sveio - Stord (Bømlafjordtunnelen)
Redusert framkomst:
Manuell dirigering på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Søndag og mandag...
Ev 39 Osvegen, ved Hamrevegen (i Bergen kommune)
Redusert framkomst:
Manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til torsdag fra 20...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.