Ektepar får kompensasjon.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Dagrun Stokke
E-post
|
|
| Publisert 28.05.2008 kl 11:11 Oppdatert 28.05.2008 kl 11:11 |
For nokre veker sidan skreiv Nh om eit ektepar som fann murstein i peanøttposen. No viser analyseresultata at det var vanleg stein.
– Vi har sett slike steinar før. Dette er vanleg stein som ligg i jorda, og som føl med når maskinene tek peanøttene opp av jorda i USA, seier Berit Vessia i Unil AS.
– Når peanøttene vert pakka her i Norge, vert alle posane gjennomlyste. Det er tydeleg at røntgendetektoren har svikta i ei av maskinene. Det må vi gjera noko med, seier Vessia.
Ekteparet som oppdaga feilen vert lova eit gåvekort på 500 kroner når dei tek kontakt, seier ho til slutt.
Siste kommentarar