Alle mot ein

Fullsett sal mot BKk-direktør.

atle vaage
Atle Vaage Profil E-post
Publisert 15.05.2008 kl 08:16 Oppdatert 15.05.2008 kl 08:47

Tips ein venn på e-post:

...
ALLE MOT EIN: BNN Nett sin direktør Øivind Torkildsen fann lite støtte på Sletta onsdag kveld.

BKK Nett sin administrerande direktør Øivind Torkildsen måtte sjå langt etter støttespelarar i salen på Skogen Sletta under folkemøtet om høgspentlinja frå Mongstad til Kollsnes onsdag kveld.

Milliardkonsernet BKK hevdar framleis at det ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt nok å bruka pengar på å leggja linja i sjø og jordkabel heile vegen.

NVE viser til at det krevst ny praksis frå Stortinget før ein kan opna for meir kabling. Mot dei stod tre krystallklare ordførarar, og eit par hundre frammøtte som alle krev kabling.

Folkemøtet viser og at BKK, NVE og lokalbefolkninga ikkje er på linje med kva som eigentleg skal drøftast. BKK brukte si tid på å argumentera for kvifor regionen treng den nye leidninga, ikkje på å snakka om kvifor ingen vil ta på seg ekstrarekninga for kabling.

NVE på si side seier dei berre kan handsama det BKK faktisk har søkt om. Som ein av dei frammøtte sa, - Det vi vil snakka om er ikkje ein gong søkt om, korleis skal vi då koma ut av denne klemma!

Mest lese no

...

Våt nasjonaldag

Nyhende Feiringa godt igang mange stader. Les meir

...

Fire bilar i kjedekollisjon

Nyhende Smell på Haglsundbrua. Les meir

...

Situasjonen alvorleg for raffineriet

Nyhende Regjeringa informerer Stortinget. Les meir


Avisa Nordhordland

Kvernhusmyrane 29, 5914 ISDALSTØ
Tlf 56355555, telefaks: 56355556
Webansvarlig: Endre Hopland
Ansvarlig redaktør: Randi Bjørlo

Nasjonalbiblioteket

Vi gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig. Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.