Ny Sandberg-film

Jubilant med nytt lokalt prosjekt.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Endre Hopland E-post
Publisert 12.03.2008 kl 14:56 Oppdatert 14.03.2008 kl 15:26

Tips ein venn på e-post:

... ...
NYTT PROSJEKT: Filmskapar Øyvind Sandberg er i gang med sitt nye filmprosjekt ¿Folk ved fjorden¿.

Øyvind Sandberg har laga film i 30 år, og i jubileumsåret har han fått støtte til nok eit prosjekt. Denne gongen er det folket i Nordhordland som skal i fokus.

Det nye filmprosjektet til Sandberg skal etter planen verta ein film om hans eige nærområde, det vil seia Nordhordland.

- Førebels har eg fått stønad til eit forprosjekt, og håpet er at det skal enda opp i ein film, seier Sandberg, som også er aktuell i desse dagar med eigen DVD som inneheld fem av hans tidlegare produksjonar.

Sandberg ser for seg at den nye filmen skal omhandla folk som framleis livnærar seg på same måte som dei gjorde for 40-50 år sidan.

- Fanga dei før Mongstad

- Eg har ikkje så mange namn enno, men eg har tenkt meg fleire tema. No er eg i gang med researchsarbeidet, og det vil nok halda fram til rundt juletider. Så er planen å få laga ein pilot til filmen, slik at dei som sit på pengane vert interesserte, seier Sandberg til nh.

Filmskaparen er på jakt etter alt frå geitebønder og fiskarar til gamalt handverk. Han ønskjer å festa desse gamle levevisa til filmen før det er for seint.

- Vi må prøva å fanga dette før alle jobbar på Mongstad. Dette er utdøyande tradisjonar som eg ønskjer at vi skal hugsa, seier han.

Jubileums-DVD

Øyvind Sandberg filma sin første film i 1976. Den handla om selfangst i Vestisen utanfor Grønland, og vart gitt ut i 1978. Dette er i år 30 år sidan, og filmskaparen feirar såleis eit aldri så lite jubileum i år.

I samband med jubileet, lanserar Norsk Filminstitutt ein eigen DVD med fem av Sandberg sine tidlegare produksjonar.

På DVD-en får ein kjennskap til ålefiskarane på Bømlo, laksefiskarane i Osterfjorden og Elmer som dreiv blomsterbåten i Masfjorden. I tillegg får vi møta ein motorfrelst kyrkjetenar og bøndene som budde på dei bratte gardsbruka i Vik i Sogn.

Tar vare på det gamle

Hovudtema som går igjen hjå Sandberg er dei spesielle historiene om folk som driv med noko utanom det vanlege. Hans aller største suksess så langt er ”Kabal i Hjerter”, som vart ein slager både her til lands og i utlandet.

- Det nye prosjektet følgjer mange av dei gamle spora, etter for eksempel Ålefiskarane og Laksefiskarene. Eg synest det er viktig å ta vare på det gamle, seier Sandeberg.

Øyvind Sandberg sine filmar:

¿ En reise til Ishavet

¿ Laksefiskerne

¿ Ålefiskerne

¿ Elmer og blomsterbåten

¿ Konsert for tre hester i to takter

¿ Å seile sin egen sjø

¿ Kabal i hjerter

I tillegg har filmskaparen laga fleire kortare barnefilmar.

...

Store steinblokker rasa ut

Meland Stengd mellom Mjåtveit og Dalstø. Les meir

...

Klart for Hot Club de Norvege

Puls Det blir både sag og svingande rytmar når Hot Club de Norvege skal få Knarvikmil-veka til å svinga fredag kveld. Les meir

...

Plateklare på heimebane

Puls Heimalanné slepp plate nummer fem. Les meir

...

Vil ikkje tvangsflyttast

Gulen Hilmar (75) nektar sjukeheim. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Endeleg i mål!

Puls På Nordkapp. Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Evanger bru - Bolstadtunnelen, ved Godfarskolten
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til torsdag og lørdag fra 07:0...
Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Sveio - Stord (Bømlafjordtunnelen)
Redusert framkomst:
Manuell dirigering på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Søndag og mandag...
Ev 39 Osvegen, ved Hamrevegen (i Bergen kommune)
Redusert framkomst:
Manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til torsdag fra 20...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.