Teikningane ikkje godkjente.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Gro Anette Fanebust Kittang
E-post
|
|
| Publisert 12.03.2008 kl 09:05 Oppdatert 13.03.2008 kl 10:53 |
Brua over Brandangersundet er utsett med eit halvt år, fordi bruavdelinga i vegdirektoratet ikkje vil godkjenna teikningane.
- Vi håpar godkjenninga skal skje så snart som mogeleg, men ankepunktet så langt er at brua er for smal, og dermed slit vi med å få godkjend detaljteikningar. Det er ikkje bygd ei slik bru nokon stad før, og bruavdelinga har ikkje vore borti liknande. No er det hyrt inn eksterne folk for å sjå på teikningane, seier prosjektleiar for fylkesvegprosjektet Sløvåg-Ånneland og Brandangersundbrua, Aril Hanekamhaug.
Han fortel at brua i alle fall er utsett med eit halvt år i forhold til planen. Brua skulle eigentleg vore ferdig ved årsskiftet 2008- 2009. Ved juletider skulle bruarbeidet etter den originale planen vore i gang.
Ikkje aktuelt å utvida
- Det er vanskeleg å seia kor lang tid det tek i og med at vi ikkje veit kor tid teikningane vert godkjend. Men vi har rekna ut at byggjeperioden på brua er mindre enn vi først trudde, så vi vil spara inn litt tid på dette, seier Hanekamhaug.
Brandangersundbrua er ei såkalla bogebru, og er einspora, men med plass til at ein personbil og ein større bil kan møtast. Dersom brua hadde vore breiare ville ho og vore stivare, og då hadde teikningane mest sannsynleg vore godkjend.
- Ei breiare bru ville vore vesentleg dyrare, og det er det ikkje behov for her, så det er ikkje aktuelt, seier Hanekamhaug.
Fylkesvegen i rute
Mangel på stål til brubygginga har også vore eit tema. Hanekamhaug seier at tilgangen no er betre enn den var for ei tid tilbake.
- Vi får håpa japanarane ikkje brukar opp alt stålet til vi skal byrja, seier han, og legg til at arbeidet med fylkesvegen er i rute. Strekninga Fivelsdal-Sløvåg vert dermed tatt i bruk i god tid før årsskiftet.
Kan venta på kaiutbetringa
Hanekamhaug seier at brua vil generera større trafikk, og det er såleis ikkje nokon ulempe at brua ikkje er ferdig lenge før ferjekaien i Sløvåg er utbetra. Dette skjer i alle fall ikkje før i 2009.
– Det skal byggast heilt ny kai, og biloppstillingssystem, og dei held no på med reguleringsplan for prosjektet, seier Hanekamhaug. Han håper det er klart for å laga eit kostnadsoverslag etter påske, og fortel at kaianlegget kan kosta opp mot 25- 30 millionar kroner.
Siste kommentarar