Sandnes skule er Norges niande beste ungdomsskule, basert på resultata frå dei nasjonale prøvane som vart offentleggjort tysdag. – Vi er sjølvsagt veldig stolt over resultata, seier rektor Kjellaug Bolset Strand.
Sandnes skule ligg på niandeplass på lista over dei 20 ungdomsskulane i Norge som har kome best ut på dei nasjonale prøvane. Fokus har vore på lesefag og matematikk-kunnskap. Resultatet er basert på prøvane for 10. klasse våren 2004, og det er berre tatt omsyn til dei skulane som har gjennomført begge dei nasjonale prøvane.
– Det er klart vi er stolt over å vera oppe blant dei beste, men samstundes er vi fullt klar over at med små kull vil dette variera mykje frå år til år, seier Bolset Strand. Heile 404 ungdomsskular i Norge deltok på 10. klasse-nivå i dei nasjonale prøvane i både lesing og norsk.
Tøft å gjera det bra
Rektor trur mentaliteten mellom elevane på skulen er litt av hemmelegheita bak dei gode resultata.
– Elevane våre synest det er tøft å gjera det bra på skulen, og slik har det alltid vore her på skulen vår. I tillegg har vi gode og stabile lærarkrefter, seier Bolset Strand. Ho trur også at godt miljø på skulen har mykje å seia for prestasjonane til elevane.
Sandnes-rektoren fortel at ungdomsskulen har aldersblanda prosjekt, der dei spelar på ein del sosiale relasjonar. Mellom anna skal dei jobba med ein musikal som skal framførast på grendahuset i år.
– Vi brukar mykje tid på slike prosjekt her på skulen, og eg trur det hjelper elevane til å få tru på seg sjølv også på andre område. Denne type opplegg er dermed med på å heva også det faglege, meinar rektor.
Ikkje viktig
Utdanningsminister Kristin Clemet håpar at openheit kring resultata frå dei nasjonale prøvane vil bidra til debatt i skular og kommunar om korleis det pedagogiske arbeidet kan utviklast og forbetrast. Nasjonale prøver er ikkje vanlege fagprøvar, men ei kartlegging av grunnleggjande ferdigheiter på utvalde område. Prøvane vart første gong gjennomført i 2004 i lesing og matematikk for elevar på 4. og 10. trinn, og i engelsk for elevar på 10.trinn.
– Vi er i utgangspunktet ikkje særleg positiv til desse prøvane. Vi ser at det er mykje arbeid og organisering med dette, og det er uklart kva resultata betyr. Eg trur ikkje det er så viktig å samanlikna seg med andre skular, avsluttar Bolset Strand.