Ikkje overraska over utsetjing.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 10.03.2010 kl 09:44 Oppdatert 10.03.2010 kl 09:44 |
– Det som betyr noko er at kvikksølvet vert fjerna, seier Fedje-ordførar Kristin Handeland. Ho er ikkje overraska over at hevinga vart utsett.
På Fedje er folk både sinte og skuffa for at vedtaket om å heva ubåten U 864 no er utsett. Mange lurar også på kvifor det er blitt slik.
Ordførar Kristin Handeland er ikkje overraska over at det kom ei utsetjing i saka, sjølv om det ikkje akkurat var dette ho hadde håpa på.
- Det var mykje som tyda på at det ville koma ei ny utsetjing då rapporten kom rett før jul. Då det i januar i fjor vart klart at ubåten skulle hevast, låg det i vedtaket at det skulle lagast ein rapport.
- Denne var jo som kjend knusande, så sånn sett var det ikkje overraskande at det no vart utsetjing. Når det er sagt er dette mange steg tilbake i forhold til det vi ønskjer. Folket på Fedje har framleis som mål å få vekk kvikksølvet, seier Handeland til Nh.
- Fedjingane sitt ve og vel
Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen representerar Arbeidarpartiet, på lik linje med Kristin Handeland. På direkte spørsmål om Fedje-ordføraren er skuffa over eige parti, svarar ho at kven det er som bestemmer er heilt urelevant i denne saka.
- I den jobben eg er sett til å gjera er det innbyggjarane på Fedje sitt ve og vel eg er opptatt av og som står i fokus, uavhengig av kven som sit i regjeringskvartalet, seier ho.
Då Nh snakka med Handeland tirsdag morgon skulle saka opp i Stortinget sin Transport- og kommunikasjonskomité seinare på dagen, og ho var spent på utfallet. Litt seinare ringte ho opp igjen og kunne fortelja at komiteen berre har vald saksordførar no i første omgang.
Det valet fall på Arne Sortevik (Frp), som gjennom fleire år har markert seg knallhardt for heving i ubåtsaka.
- Framtidsplanen
Same Sortevik gjekk tidlegare denne veka gjekk ut i riksdekkande media med påstandar om at nokon høgt oppe i systemet allereie har bestemt seg for at ubåten skal dekkast til og ikkje hevast.
Kristin Handeland seier at ho ikkje vil ta stilling til noko anna enn det som ligg føre reint faktisk. Ho understrekar at leiinga i Fedje kommune har god kontakt med departementet, og vert underretta straks noko nytt skjer i saka.
- Det vi er opptatt av no er framdriftsplanen. Førebels veit vi ikkje meir enn nokon andre, men vi held oss fortløpande oppdatert, seier Fedje-ordføraren.
Siste kommentarar