- Ei katastrofe for Norge

- At vi ikkje ryddar opp i ubåt-vraket er ein nasjonal katastrofe. Norge bør ikkje snakka høgt om Sellafield dersom denne avgjerda vert ståande, seier Gjermund Hagesæter.

atle vaage
Atle Vaage Profil E-post
Publisert 16.02.2007 kl 14:17 Oppdatert 21.02.2007 kl 09:33

Tips ein venn på e-post:


Han forsikrar at Frp no er mellom dei som jobbar hardt for å få ubåt-saka til Stortinget.

- Alt tyder på at det finst sider her som ikkje er vurdert godt nok. Fleire verksemder, mellom dei Eide Marine Services, hevdar å ha teknologi til å heva båten. Då må vi i alle fall ta oss tid til å utreda skikkeleg. I staden verkar det som om Kystverket og regjeringa har sett heilt vekk frå dette, seier Hagesæter.

Den lokale stortingsmannen er ikkje i tvil om at økonomi har vore det viktigaste argumentet i regjeringa, sjølv om dei raud-grøne hardnakka hevdar annleis.

- Men det vert heilt feil å tenkja på pengar her. Frykta blant forbrukarane, ryktet til norsk fiserinæring og følgjene for turismen er springande kostnadar som fort langt overgår det ei heving vil kosta oss, seier han.

Hagesæter slår og fast at tildekking ikkje er så bombesikkert som enkelte hevdar.

- Det er gjerne trygt i 20-30 år, men kva deretter? Kvikksølv er eit stoff som aldri vert brote ned. Å få det vekk ein gong for alle er einaste løysing vi kan akseptera, seier han. Og saka handlar ikkje berre om Nordhordland. Dersom vi ikkje gjer noko med dette problemet er det ei katastrofe for Norge sitt rykte, legg han til.

Frp`aren seier at han no set si lit til SV for å få endra vedtaket.

- Regjeringa har fleirtal, difor er vi avhengig av at nokon bryt ut av det fleirtalet. Og SV mister truverde som miljøparti om dei støttar tildekking, seier han.

Mest lese no

...

Fire bilar i kjedekollisjon

Nyhende Smell på Haglsundbrua. Les meir

...

Situasjonen alvorleg for raffineriet

Nyhende Regjeringa informerer Stortinget. Les meir

...

Anna får ein tryggare kvardag

Lindås Lindås kommune er med i eit pionerprosjekt for eldre som bur heime. Les meir


Avisa Nordhordland

Kvernhusmyrane 29, 5914 ISDALSTØ
Tlf 56355555, telefaks: 56355556
Webansvarlig: Endre Hopland
Ansvarlig redaktør: Randi Bjørlo

Nasjonalbiblioteket

Vi gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig. Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.