...
VERDENS STØRSTE: Denne breiflabben vart fanga i garn av hobbyfiskarane John Arne Mostraum og Kåre Haugland på Leiknes. Fisken vog 99,4 kilo, og det er ny verdsrekord med soleklar margin. Foto: Privat

Fanga verdas største breiflabb

Og den er tatt på Leiknes.

Endre Hopland
Endre Hopland Profil E-post
Publisert 10.02.2010 kl 09:39 Oppdatert 11.02.2010 kl 16:02

Tips ein venn på e-post:

...
SIGAR?: Bjelken ser meir ut som ein sigar i den massive fiskekjeften. Foto: Privat
...
FIN TANNSTILLING: Ein breiflabb på nesten 100 kilo kan skremma fanden på flat mark. Foto: Privat

Aldri tidlegare har det vorte fanga ein breiflabb så stor som den John Arne Mostraum og Kåre Haugland drog over ripa utanfor den gamle dampskipskaien på Leiknes tirsdag føremiddag.

Vekta viste smått utrulege 99,4 kilo, noko som er meir enn 20 kilo over den gamle rekorden.

- Kva skal ein seia? Ingen av oss har nokon gong sett noko slikt. Eg har fått mange breiflabbar, og den tidlegare rekorden var på rundt 30 kilo. Eg syntest den var svær, men samanlikna med denne kan den ikkje måla seg, seier John Arne Mostraum til Nh.

Breiflabben kan ein få på alle djupner, og i Leiknes-området er det fanga mange store flabbar opp gjennom åra. Desse vert vanlegvis tatt på djupt vatn.

Tau og båtshake

- Sånn sett er fangsten endå meir spesiell. Den vart tatt på 20-25 meters djupne. Truleg var den oppe på næringssøk, for vi fann ein fin torsk i magen på fisken, fortel Mostraum.

Å få breiflabben til overflata var tungt nok i seg sjølv, men å få den over ripa var endå verre.

Eit solid tau og ei båtshake vart til slutt redninga.

- Breiflabben er sleip, og vanskeleg å få tak på, men heilt inst på finnane er det bein. Vi fekk eit tau rundt fisken, og stramma godt til. Så putta eg båtshaken i kjeften på den, og den klappa kjevane saman. Så var det til å hala. Vi brukte sikkert ein halv time på å få fisken om bord i båten, fortel Mostraum.

Måtte bruka truck

Å få fisken på land skulle verta ei ny utfordring. Å løfta nesten 100 kilo over rekka er ikkje nokon enkel operasjon. Eit firma med truck som dreiv arbeid inne på kaien på Leiknes vart redninga.

Det var også det same firmaet som hadde digital vekt, og som kunne konstatera at breiflabben vog 99,4 kilo. Ny verdsrekord!

Vel inne på land vart fangsten gjort opp. Kor mykje fillet det vart av fisken er Mostarum usikker på, men ein stad mellom 20 og 25 kilo er ikkje å overdriva.

Hovudet på fisken vart henta av folk frå Havforskingsinstituttet, og i følgje Mostraum vil dei også ut å henta beinet på fisken.

Breiflabb på denne storleiken er nemleg interessante forskingsobjekt.

- Heilt vanvittig

– Dette er fiskestorleikar vi berre har høyrt rykte om tidlegare. Den storleiken er berre heilt vanvittig, seier forskar og bestandsforvaltar for breiflabb, Otte Bjelland ved Havforskingsinstituttet i følgje Bergensavisen.

Om det var ein hann- eller hofisk som vart fanga på Leiknes tirsdag er uvisst, men fisken hadde i alle fall ikkje rogn.

- Hadde den hatt rogn ville denne truleg gitt ei ekstravekt på 30-40 kilo, seier Bjelland.

Den gamle verdsrekorden på breiflabb var på 79 kilo, og denne hadde 20 kilo rogn.

- Viktig forskingsinformasjon

– Ingenting har vore større, verken i Norge eller på verdsbasis. Denne er den største vi har fått dokumentert. Forskingsmessig kan vi forhåpentleg vis læra meir, mellom anna om fisken si gyting og om korleis den veks. Dette er viktig informasjon for oss, seier Bjelland.

Hobbyfiskarane John Arne Mostraum og Kåre Haugland er ofte på sjøen, og har drege opp mykje fisk i si tid. Monsterflabben som gjekk i garnet natt til tirsdag er nok likevel som eit eineståande tilfelle å rekna. I alle fall trur Mostraum det.

- Noko slikt kjem vi aldri til å oppleva igjen, seier han til Nh.

Mest lese no

...

Fire bilar i kjedekollisjon

Nyhende Smell på Haglsundbrua. Les meir

...

Situasjonen alvorleg for raffineriet

Nyhende Regjeringa informerer Stortinget. Les meir

...

Anna får ein tryggare kvardag

Lindås Lindås kommune er med i eit pionerprosjekt for eldre som bur heime. Les meir


Avisa Nordhordland

Kvernhusmyrane 29, 5914 ISDALSTØ
Tlf 56355555, telefaks: 56355556
Webansvarlig: Endre Hopland
Ansvarlig redaktør: Randi Bjørlo

Nasjonalbiblioteket

Vi gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig. Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.