Rekordfangst for Simen.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Arthur Kleiveland
E-post
|
|
| Publisert 30.04.2008 kl 10:28 Oppdatert 30.04.2008 kl 11:37 |
I løpet av ei vekes tid har undervannsjegeren Simen Wilberg gjort fleire rekordfangstar med harpunen sin. Ein steinbit på 14,5 kg i Fosenstraumen førte han rett til topps på dei norske rekordlistene så langt i sesongen.
- Heilt rått, fastslår Simen Wilberg etter å ha tatt steinbiten på 14,5 kg i Fosenstraumen sist fredag. Han kan sjå tilbake på fleire rekordfangstar i løpet av nokre få dagar.
Først ein steinbeit på 12,6 kg, så ein torsk på over 11 kg, og så ein steinbit på 14,5 kg. Med desse fangstane toppar han rekordlistene så langt for begge fiskeslag. Ingen har fått større fangstar her til lands i år.
Sjå fleire bilde her
Eventyrleg
- Heilt eventyrleg. Snakk om knallstart på sesongen, seier Simen, som til dagleg jobbar ved Frivannsliv AS, som sel utstyr til undervannsjakt.
Sjølv har han drive med undervannsjakt i mange år. Han har sett fram til at årets sesong skulle koma igang.
Simen Wilberg ar Fosenstraumen til undervannsjegrane sitt lokale mekka. Her er forholda veldig gode, seier Simen, som tok alle storfangstane sine i omtrent på same staden i straumen.
- Med desse rekordfangstane kan det jo bli vanskeleg å motivera seg til resten av undervanns-sesongen, smiler Simen.
Blitt nedringd
Etter at rekordfangstane vart kjend i miljøet har Simen omtrent blitt ringt ned av folk som vil vita meir eksakt kvar fangsten er tatt. Og Simen er ikkje den som verpar på godplassane.
- Det er berre flott om andre kan få tilsvarande opplevingar, seier han.
Den rekordstore steinbiten vart tatt under temmeleg spesielle forhold. Simen fortel:
- Vi var på veg til hyttetur på Krossøy, og hadde eigentleg ikkje planlagt å gå i sjøen. Men då vi kom til Fosenstraumen tok lysta overhand, sjølv om straumen opplagt var i sterkaste laget. Eg vart driven mot ein stake i straumen, og der fekk eg auga på den svære ruggen fire meter unna, fortel Simen.
Røvarhistorie
Han måtte ta spenntak i staken for å koma nært nok og på skothol. Den sterke straumen nærast kasta steinbiten mot han.
- Han såg ikkje direkte blid ut, fortel Simen, som la på sym med steinbiten i harpunlina bak seg. Først i tryggare omgivelsar fekk han tatt livet av fangsten.
- Klart det var ekstra spennande å ta ein så stor rugg, under dei spesielle forholda var adrenalin-kicket ekstra sterkt, seier han.
Han reknar med at denne fangsten etter kvart kan bli omtalt som ei fiskeskrøne.
- Det er jo eigentleg litt av ein røvarhistorie. Heldigvis var det vitne til hendinga, seier Simon.
Med kokk med på gutteturen til Krossøy kosa karane seg med herleg omnsbakt steinbitfilet med urter, krydder og kvitvinssaus som tilbehør.
- Utruleg godt, fastslår Simen.
Sjå fleire bilde her
Siste kommentarar