Tjuvfiske trugar sjøauren i Radøy

I Rikstadvågen i Radøy er tjuvfiske med garn og ruser etter sjøaure eit stort problem. Grunneigarane fortviler over manglande respekt for naturen.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Endre Hopland E-post
Publisert 09.10.2007 kl 15:29 Oppdatert 09.10.2007 kl 15:29

Tips ein venn på e-post:

...
TIL KAMP MOT TJUVFISKET: Asbjørn Toft frå Radøy kommune og grunneigarane i Myking- og Hauglandsvassdraget fiskelag, her representert ved leiar Osvald Dragøy, ber dei som set ulovleg reiskap etter sjøaure i Rikstadvågen slutta med miljøkriminaliteten før det er for seint for aurestammen. Foto: Endre Hopland

- Lovverket tilseier at det ikkje er lov å fiska nærare ei elvemunning enn 100 meter. Og det er slett ikkje lov å fiska med garn. Men det er det tydelegvis fleire som ikkje bryr seg om, seier Osvald Dragøy, leiar i Myking- og Hauglandsvassdraget fiskelag til nh.

Dragøy er ein av fleire grunneigarar som har sett seg grundig lei på tjuvfisket i elva Bøåna, som tiltross for at ho er lita, er svært produktiv.

- Det er folk som set garn og ruser i utløpet, og ruser er også observert i sjølve elva. Dette er utruleg skadeleg for sjøaurebestanden. Vi ønskjer at ungane skal få moglegheita til å stå med fisketroa langs elva også i framtida, men dersom det held fram slik, vert det ikkje noko meir å fiska etter, seier Dragøy.

- Stort problem

I september for to år sidan skreiv nh om ein politiaksjon på Seim, der det vart gjort beslag av fleire ulovlege garn. Miljøvernleiar Asbjørn Toft i Radøy kommune stadfestar at tjuvfiske er eit problem også på den grøne øya, og då særleg i Rikstadvågen.

- Vi får inn ein del rapportar på ulovleg garnsetjing, mest om hausten når fisken går opp for å gyta. Vi veit at det er fleire personar som held på med dette fisket, og Statens Naturoppsyn har meldt frå om at dei kjem til å ta saka alvorleg, seier Toft til nh.

Sjøauren byrjar å gå opp i småbekkane for å gyta allereie i juni-juli, men det er helst i september og oktober, når mørket kjem tidleg, at tjuvfiskarane er på ferde.

- God og lovleg måte

Både Toft og Dragøy har svært lite til overs for det ulovlege fisket. No håpar dei tjuvfiskarane tar til fornuft, og held seg til regelverket som gjeld for fiske i vassdraget.

- Vi kan ikkje berre hausta på fiskestammen. Vi grunneigarar arbeidar for at naturen skal brukast på ein god og lovleg måte, som ikkje vert døden for fiskebestanden. Garnfisket i gyteperioden øydelegg enormt, seier Dragøy.

Toft poengterer at tjuvfiskarane ikkje skal føla seg for trygge når dei driv lyssky aktivitet.

- Politiet veit om saka, og det er mange i området som følgjer godt med, og rapporterer dersom dei ser noko ulovleg, seier han til nh.

Farleg veg til gytegropene

Sjøauren som går opp i Bøåna møter mange farar på veg mot gytegropene. Elva, som bind både Hallandsvatnet, Mykingvatnet og Hauglandsvatnet saman, er nokså lang, men ikkje spesielt brei eller djup.

Alle dei tre vatna har store bestandar av rovfisken gjedde, så å føra slekta vidare er ikkje berre enkelt for sjøauren i vassdraget, som i følgje ein rapport frå 2005 er eitt av dei tre mest produktive vassdraga på Radøy.

Fangstpremie på gjedde

Grunneigarlaget ser gjerne at folk fiskar i vassdraget, så lenge reglane vert følgde.

- Med fiskekort kan du fiska heile året i alle dei tre vatna. Du kan også fiska med garn etter gjedde heile året, seier Dragøy.

Så interessert i å bevara aurestammen er grunneigarane, at dei har lyst ut fangstpremie på all gjedde fanga i Hauglandsvatnet og Mykingvatnet.

- Fiskaren får ti kroner per gjedde fanga i desse vatna. Fiskaren som fangar den største gjedda kvar år, vil få 500 kroner for jobben, forklarar Dragøy vidare.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.