Har begeistra eldre i 23 år

Har vore aktivitør i ei årrekkje

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Hildegunn Nepstad E-post
Publisert 30.06.2009 kl 15:01 Oppdatert 30.06.2009 kl 15:01

Tips ein venn på e-post:

...
SLUTTAR: Randi Sævdal har vore aktivitør i mange år, og når ho no vert pensjonist, er det med Begeistringen godt plassert på brystet av Laila Pletten.

Fakta

  • BegeistRingen vert gitt til ein person som evnar å skapa glede, glød og begeistring i sin nærmiljø.
  • Ein Begeistringbærer kan lettare tola motgang og halde det gåande.

Randi Sævdal har vore aktivitør i ei årrekkje. No skal ho pensjonerast, og det skal feirast med Begeistrringen.

- Det er sagt om deg at du er lun, omsorgsfull og at du tar vare på alle, seier Laila Pletten, dagleg leiar ved Frivilligsentralen i Manger.

Borda er pynta med friske blomstrar, lys, og fine serviettar. Rundt bordet sit mange som vil vera med på Randi Sævdal sin siste dag på Velferdssenteret.

Aktiviserar

Det var eigentleg 96-åringen Mally Kjeseth som skulle vera med Laila Pletten å dela ut Begeistringen i dag. Ho er den som har vore lengst på avdelinga. Men Mally vart dessverre sjuk, så Laila måtte klara seg sjølv.

Brukarane av dagavdelinga bur heime, og vert henta nokre dagar i veka, til sosialt samvær og aktivitetar. Det er her Randi kjem inn.

- Du er god å lytta, og svært kunnskapsrik. Du er god på lokal historie og geografi, og når du fortel, lyttar alle, seier Laila.

- Mally har uttalt at du er som ei mor, legg Laila til, og smiler.

Begeistringen

Randi Sævdal byrja først som assistent for aktivitøren på sjukeheimen, men frå 1993 sto ho på eigne bein. Saman med Frivilligsentralen har ho arbeidd for å gje eit godt tilbod. Men hovudpersonen sjølv synest ikkje ho har gjort noko stort.

- Dette var høgst overraskande, og ikkje så fortent som ein vil ha det til, seier Randi, med Begeistringen godt plassert på blusen.

Randi fortel om tida si som aktivitør, og korleis ho utvikla seg gjennom arbeidet.

- Eg fann ut at eg ikkje døydde av å stå å på eigne bein, ler ho.

Og som alltid, skal vi tru Laila, så sit alle og høyrer godt etter når Randi fortel.

- Og dette er takka vera dåke som er så tålmodige med meg, seier Randi og ser på dei som sit rundt borda.

Pensjonist

Det vankar fleire gåver til Randi i dag. No startar pensjonisttilværet, og fleire trur ho vil få det travelt likevel. Dei to eldre damene som sit ved bordet til Randi rosar ho, og ynskjer lukka til med tida som pensjonist.

- Det vert ikkje det same utan deg, meiner dei.

- Det kjem nok nokon som er bra, trøstar Randi, som ikkje ser ut til å vera heilt førebudd på at den siste dagen hennar skulle markerast på denne måten.

- Eg tenkte eg skulle skli litt sånn anonymt under linoleumen eg, flirer Randi.

- Takk for tida. Eg kjem til å hugsa dåke, og eg har gode minne, seier Randi Sævdal, før ho går inn i ein ny epoke i livet, som pensjonist.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.