Fekk begeistringen for sitt arbeid
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Hildegunn Nepstad
E-post
|
|
| Publisert 02.06.2009 kl 13:26 Oppdatert 02.06.2009 kl 13:28 |
Linn Sundhordvik fekk fredag tildelt begeistringen for sitt ungdomsarbeid i Austebygda i Meland.
Linn Sundhordvik ana fred og inga fare då møtet i Betel Moldekleiv tok til fredag kveld. Men den unge kvinna oppdaga fort at søkjelyset i dag var retta mot henne.
- Du har sett Betel Moldekleiv på kartet. Frukta av det du har gjort er synleg. Du får andre til å kjenna seg viktige, og du kan namnet på alle. Du gjer så mykje av deg sjølv og dine ressursar, sa Roald Kleiveland frå talarstolen, til ei rørt Linn.
Rørt til tårer
Men det var ikkje berre Kleiveland som kunne skryta av Linn. Nestemann på talarstolen var Helene Lekva, som sjølv var rørt til tårer for den gode veninna Linn.
- Takk Linn, for det du er for oss, og det du alltid vil vera. Du seier sjølv at du er flink å interessera deg i andre sine liv, og det er så sant. Og Linn, du bryr deg så mykje at du ikkje er redd for å seia frå når det er nok. Du kan vera streng, men du hjelper andre. Og så er du jo ufatteleg pen, smilte Lekva.
Bra jobb
- Eg er glad for å kjenna deg, gjennom omtalen frå døtrene mine som går her. Du gjer eit sterkt inntrykk. Det er sagt om deg at du stiller opp for alle. Meinigheita gjer ein veldig bra jobb, og personar som deg Linn, gjer gode lokalsamfunn og gode omgjevnader. Eg er glad for at du får begeistringa, sa ordførar Nils Marton Aadland.
Etter at han hadde stått for overrekkinga, kom ungdomane ein etter ein og gav Linn kvar si rose.
- Dette er supergøy, og veldig overraskande! Dette hadde eg ikkje forventa. Eg er så overvelda og glad, og takksam. Eg føler meg veldig spesiell no, var det hovudpersonen fekk fram før ho sette seg med roser i ei hand, begeistringen i den andre og ei tåre i augenkroken.
Kvelden vart elles avslutta med grilling og kos utanfor Betel.
Siste kommentarar