Ho kjører mange mil og brukar mange timar på barnekor og yngres-arbeid i pinsemenigheten på Fammestad. Foreldra er ikkje i tvil om at Jorunn Zahl Soltveit fortener ein Begeistring for den fantastiske jobben ho gjer.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Arthur Kleiveland
E-post
|
|
| Publisert 29.10.2007 kl 12:03 Oppdatert 19.12.2007 kl 14:59 |
- Du er verdas beste dirigent.
Det står det på den raude skjorta som Jorunn Zahl Soltveit fekk overrekt av ein av medlemane i barnekoret Glade Barn under hausttakkefesten i Eben Eser-forsamlinga på Fammestad søndag. Og verdas beste dirigent fortener så avgjort Begeistringen som Nh er ein formidlar av.
- Vi foreldre synest du gjer ein fantastisk jobb. Du står på til tusen sjølv om du ikkje har eigne barn med, sa Nina Undheim Hauge då ho overrekte Begeistringen til Jorunn.
Mange jern i elden
- Eit barnekor må vi ha, tenkte Jorunn Zahl Soltveit då ho i 1998 flytta til Bjørsvik og kort tid seinare kom med i pinsemenigheten på Fammestad.
Det gjekk ikkje lenge før Glade Barn såg dagens lys. Etter at barnekoret var godt i gang, engasjerte Jorunn seg også i junior-arbeidet i menigheita. Og då nokre songglade jenter syntest dei hadde vore for store til å vera med i barnekoret, ville Jorunn gje eit tilbod også til dei.
Dermed vart 4YOU etablert. Sjølv om fleire av jentene no er i konfirmant-tida og har ein aldri så liten pause, ville dei sjølsagt synga då Jorunn fekk overrekt Begeistringen.
- Dette er ei begeistring heile bygda står bak, understreka Espen Sætre då han på vegne av bygdelaget overrekte blomar til Jorunn
Siste kommentarar