Begeistring til revylaget

Under humørfestivalen førre helg kunne humørbonde Geir Styve overrekkja BegeistRingen til humør- eldsjelene i bygda, revylaget.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Gro Anette Fanebust Kittang E-post
Publisert 21.09.2007 kl 14:00 Oppdatert 26.09.2007 kl 14:04

Tips ein venn på e-post:

...
BEGEISTRA: Hilde Alvær er stolt over at revylaget vert stempla som ¿begeistrarar¿, og som den store, sosiale møteplassen i bygda. Geir Styve, som sjølv har vorte parodiert av revylaget, gledar seg til å vera tilskodar under neste Hjelmåsrevy.

At han sjølv er parodiert av revylaget ei rekkje gongar, er han slett ikkje sur for.

Alle levande bygder må ha ein møteplass, og eit senter i bygda der innbyggjarane kan koma saman i eit godt miljø. På Hjelmås er revylaget møteplassen, og dei har begeistra Hjelmåsbygda i ei årrekkje.

Det meiner Geir Styve, som under humørfestivalen førre helg kunne dela ut BegeistRingen til primus motor, Hilde Alvær, og resten av revylaget.

- Vi er kjempestolt og glad over å ha fått BegeistRingen, og no heng den innramma på veggen i ungdomshuset, seier Hilde Alvær.

Det var ho som tok i mot ringen like før revylaget skulle gjera seg klar til å gå på scena under revyen ”Humørfylde Nordhordland” som gjekk av stabelen i Brakvatnehagen lørdag kveld for to veker sidan. Og Hilde fortel at revylaget er stolt av å verta stempla som ”begeistrarar”.

Fint høve

- Eg kunne ikkje tenka meg noko som var meir rett på ein humørfestival, enn å dela ut ein begeistring. Det var eit fint høve til å stoppa opp og seia tusen takk for det revylaget har gjort for bygda i så mange år, seier humørbonde Geir Styve, som sjølv var den første i landet til å motta ein BegeistRing.

Den fekk han 1. april 2005 av fantasiministeren i den vesle bygda austpå som no kallar seg for Lucky Næroset. Sidan har både han og andre dela ut ei rekkje begeistringar til eldsjeler i Nordhordland.

- Når folk får BegeistRingen er det ofte slik at alle rundt også hugsar på å fortelja kor mykje ein fortenar ei påskjønning og eit klapp på skuldra for det ein har gjort. Slik sett fører BegeistRingen med seg meir enn berre det symbolet ein får utdelt, seier Styve.

Parodiert

Styve er sjølv av den oppfatting at ingenting er betre enn å få ein UFO (Uoppfordra Oppmuntring). Og det er nettopp det som er så fint med BegeistRingen, at ein ikkje treng anna enn å meina at nokon fortenar litt ekstra ros, så er ein kvalifisert til å overrekkja ringen.

Sjølv har han blitt parodiert meir enn ein gang av revylaget, mellom anna i revyen ”Begeistring utan ende”, men det er humørbonden slett ikkje sur for.

- Nei slikt må ein jo berre vera stolt over, seier humørbonden med glimt i auge. Han gledar seg til å sitja i salen under neste Hjelmåsrevy.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.