Ho fiksar den flottaste mat i tre kommunar til alle døgerets tider. Fredag fekk Anna Marit Stormark BegeistRingen.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 12.06.2007 kl 15:58 Oppdatert 18.09.2007 kl 11:05 |
- No vart eg valdsamt overraska, utbryt Anna Marit Stormark, medan ho betraktar den blanke ringen ho nettopp har fått av Liv Ulvøy i velferdsgruppa i Austrheim kommune.
- Dette er så fortent. Å ha deg Anna Marit her hjå oss er berre heilt utruleg. Du kan finna på å stå opp klokka fem om morgonen, berre for at vi skal få den beste maten. Vi er skikkeleg takksame for jobben du gjer og alle synest du har fortent dette, seier Ulvøy, til applaus frå dei tilsette i Austrheim kommune.
Noko for seg sjølv
Anna Marit Stormark er noko for seg sjølv. Som kjøkkensjef og primus motor for kjøkkentenesta i den tilrettelagde verksemda Aufera, eigd og drive av kommunane Austrheim, Fedje og Radøy, syt ho for nydeleg mat i tre kommunar. Ho held til i kommunehuset på Austrheim, og lunsjen der på huset er alltid ein konge verdig. Men selskapet leverer også ut mat.
- Ikkje veldig mykje koldtbord, men rundstykke og kaker vert det mykje av, fortel Stormark med eit stort smil.
- Steller godt med oss
På avdelinga i kommunehuset har Anna Marit ni personar i arbeid, inkludert seg sjølv. Og det herskar liten tvil om at også dei som jobbar saman med det utrøyttelege arbeidsjarnet, set stor pris på å ha ho rundt seg.
- Anna Marit steller veldig godt med oss alle, og dei som jobbar med ho trivst veldig godt, forsikrar Liv Ulvøy ovanfor nh.
Siste kommentarar