Vill begeistring i "Anna-klubben"

Det er ikkje heilt enkelt å få fortalt ho Anna kor uendeleg mykje ho og den kjekke klubben ho lagar til annakvar tirsdag betyr. Men så kom dei på at ho kunne få ein BegeistRing.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Publisert 09.05.2007 kl 10:24 Oppdatert 09.05.2007 kl 10:24

Tips ein venn på e-post:

...
HJARTELEG TAKK: - Takk for at du er den du er, seier denne flokken og gir Anna Leivestad ei rose frå kvar, i lag med BegeistRingen. Frå venstre: Bibbi, Leif Kåre, Gunnar, Hildegunn, Arve Even, Johnny, Anna, Evy og Lise.

Tradisjonen tru er det klubbkveld i gymsalen på Loas denne første tirsdagen i månaden – sjølv om det er 1. mai. Borti eine hjørnet står ho som skal bli kveldens hovudperson, Anna Leivestad, i full sving med å selja hot dog, brus, snop og chips, i lag med heimebakte kaker og kaffi. Ho har ikkje peiling på kva som skal skje, før ho vert ropt fram på golvet.

- Dette er ein kjempeklubb som vi er veldig glade for å ha. Difor vil vi gje deg ein BegeistRing, seier Hildegunn Totland - til høglydte bifall frå resten av gjengen. Det er tydeleg at ho Anna med sitt rolege, blide vesen er veldig godt likt av klubb-medlemmane.

Kjekke klubbkveldar

I 17 år har Anna Leivestad arrangert denne tirsdagsklubben – som populært vert kalla ”Anna-klubben” – ikkje ubegrunna. I tillegg til den sosiale kosen, er bingo, levande musikk og dans, faste innslag på klubbkveldane. Og om sommaren vert gjerne heile gjengen invitert på grillparty i hagen hennar på Leivestad.

- Ho har alltid tid til oss, og fortener all mogleg ros og takksemd, er den samstemte helsinga frå både brukarar, støttekontaktar og tilsette.

Frå ein trufast flokk brukarar får Anna roser – ei frå kvar – og eit kort der det står ”Me ønskjer deg glede og fred, og dyp tilfredshet og alltid kjærlighet. Takk for at du er så snill og god mot oss”.

Deler æra

- Tusen hjarteleg takk, seier Anna og klemmar kvar og ein av dei. Til nh sin utsende er ho snar med å presisera at det er Lindås og Masfjorden lag av NFPU som står bak klubben.

Og ho vil gjerne dela begeistringen med heile laget.

Men brukarane står på sitt; Det er ho Anna som er sjølve Anna-klubben. Ho skal ha æra og takk. Basta!

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.