Tårevåt begeistring for Bjørn Olav

– Sjølv om eg ikkje kjenner deg personleg, er det godt å få lov og sei at du er bra. Vi bryr oss om den fantastiske innsatsen du gjer, seier ordførar Tove Brandvik og gir Bjørn Olav Benjaminsen ein BegeistRing. Tårene renn rundt bordet i formannskapssalen.

Randi Bjørlo
Randi Bjørlo Profil E-post
Publisert 13.01.2006 kl 21:16 Oppdatert 11.07.2006 kl 08:23

Tips ein venn på e-post:

...
UNISON GJENG: - Dette var heilt fortent, Bjørn Olav, seier gjengen frå Lindås UL. Ringen frå ordføraren er også ein takk frå dei for alt denne krumtappen i laget betyr for kvar enkelt av dei.

– Der kjem han, og han har manus med seg. Han har sikkert førebudd seg godt, seier Jan Halvor Halvorsen.

15 aktive frå Lindås UL har meldt seg for å vera med ordførar Tove Brandvik på å overraska Bjørn Olav Benjaminsen fredag ettermiddag. Hovudpersonen sjølv trur han skal i møte med ordføraren for å informera om aktiviteten i laget.

– Trøste meg, er alt som kjem ut mellom leppene. Det er tydeleg at han anar at her skal det foregå noko han ikkje har kontroll med.

Ordførar Tove Brandvik brukte ikkje lang tid på å finna ut kven ho hadde lyst å gje ein BegeistRing for å fortelja vedkommande at ho synest om han.

– Eg kjenner deg ikkje godt, men eg har lyst å gi deg ei oppmuntring fordi du er den som jobbar for at andre skal få vist sitt beste. Du er den som hjelper desse ungdomane til å begynna å stå på ei scene, den som syter for at andre kan få lov å blomstra litt. Med din måte å vera på har du gjort Lindås til ei betre bygd å bu i, seier ordførar Tove Brandvik. og gir Bjørn Olav ein BegeistRing og ein solid klem.

Gir i overflod tilbake

Fleire av ungdomane rundt bordet tørker tårer. og det er ikkje fritt for at hovudpersonen også er rørt.

– Dette var voldsomt, seier han og slit med å få uttrykkt orda. Men ganske kjapt kjem det som berre må koma når det gjeld Bjørn Olav; han sender all ros og positiv merksemd vidare til ungdomane.

– Det er ikkje vanskeleg å jobba med denne gjengen. Dei gir så uendeleg mykje meir enn dei får. Eg trur ikkje de er klar over kor stort det er å oppleva endringane som skjer når kvar av dykk godtar at ”eg er meg, og det er heilt greit”. Det er utruleg stort for meg. Og de er utrulege til å bygga kvarandre opp. Tusen takk for det de er, seier Bjørn Olav medan det vert tørka fleire tårer rundt bordet.

Ei gripande stund

– Eg synest du forklarte greit kvifor du har fortent ringen. Det handlar om dei andre, ikkje deg, seier Tove Brandvik. Kaffi og tebrød vert henta fram før andre i laget greier sei noko. Klumpen i halsen er for stor. Endeleg får dei lov å vera med på å uttrykka litt om kva dei tenkjer om denne karen som betyr så uendeleg mykje for kvar enkelt av dei.

Mest lese no

...

Fire bilar i kjedekollisjon

Nyhende Smell på Haglsundbrua. Les meir

...

Situasjonen alvorleg for raffineriet

Nyhende Regjeringa informerer Stortinget. Les meir

...

Anna får ein tryggare kvardag

Lindås Lindås kommune er med i eit pionerprosjekt for eldre som bur heime. Les meir


Avisa Nordhordland

Kvernhusmyrane 29, 5914 ISDALSTØ
Tlf 56355555, telefaks: 56355556
Webansvarlig: Endre Hopland
Ansvarlig redaktør: Randi Bjørlo

Nasjonalbiblioteket

Vi gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig. Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.